Først av alt må eg berre sei: "wow!!" (på godt norsk). Lanserte
Strikkeblogger.no sånn offisielt på måndag, og oppslutningen har jo berre vore enorm. SÅ kjekt! Tusen, tusen takk! For alle positive kommentarar, innspel og ikkje minst bidrag. Dette er gøy!
Anna gøy: Eg har handla! Hurramegrundt! Blir alltid lika glad av å handla nytt garn (eigentleg å handla nye ting generelt) :-)
Eg begynner med det aller beste først (kvifor spare slikt til slutt?) ;-)
Nøstemaskin! Heilt sidan
Lisa kjøpte seg ein på vår berømmelege
Londontur her i fjor haust, har eg både vore misunneleg og angra på at ikkje eg kjøpte ein då (men, plassmangel er og blir plassmangel, uansett korleis ein vrir og vender på det). Så når eg no såg at
Ull.no hadde ein
slik ein så fann eg ut at den må eg jo berre ha (og når Mannen i tillegg sa "Ja, kjøp deg ein sånnein, ein sånn må du ha") så var eg totalt overbevist (er han lei av vera min gode hjelper i forbindelse med nøsting av hesper tru...?).
Handla jo litt garn óg då.
Ull.no har nemlig fått nye fine fargar i garnet Ask. Dette har eg ikkje testa før, så eg fann meg ein garnkombinasjon og legg det inn i "Planer om å strikke..."-lista. Har nemlig planar om å strikke ei ribbestrikka bukse til minste minien, ei litt sånn fin ei, som kan brukast under skjørt og kjolar og slikt. Men, det får bli ei som skal brukast neste vinter. I dag har det jo vært vårstemning her i Bergen! Utrulig deilig, og ikkje minst etterlengta.


I tillegg har Mannen lagt inn bestilling på tynne sokkar i svart (gjesp). Bestilte derfor også eit hespe av superwash-garnet
Hjerte, eitt i svart og eitt i mørk lilla (veit ikkje heilt kva eg skal bruke den siste til, men finn vel noko til det tenker eg). Sa til Mannen at det er slett ikkje sikkert at desse sokkane kjem til å halda så lenge, for relativt tynne sokkar i superwash av 100% ull - kor slitesterkt er det? Men det var visst ikkje så viktig meinte han, for tynne sokkar var det han ville ha! Og sidan han er superhelten min, får han det som han vil. Så får eg eventuelt strikka hælen med dobbelt garn eller noko :-)
Så no er strikkeskåpet blitt utvida. Det er ikkje lenger skåp i eintall, men fleirtall! Tenk så fint. Maaasse garn <3