Viser innlegg med etiketten ferdig. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ferdig. Vis alle innlegg

måndag 3. september 2012

Malabrigo Lace Baby Merino...

... et ganske så drøyt garn, kan eg fortelle!
Kjøpt på Loop Knitting i London - den gong då mi gode venninne hadde ei lita jente i magen (kva passar vel betre til babystrikk enn eksklusivt Lace-garn, spør du meg) :-)


I mars kom vesle, nydelege Mina til verda; og litt etter kom mi gåve til ho - Magda. Denne har eg som nokre av dåke kanskje hugsar strikka før. Ei aldeles nydeleg oppskrift, kan ikkje berømme Tora Frøseth nok.


Det beste med oppskrifta er dei aldeles søte små puffarmane...




Strikka på pinne 3,5 gjekk dette prosjektet som ein draum, garnet er aldeles nydeleg! 100% tynn merinoull, som blir luftig og mjukt, og ikkje minst - kløfri. 


Mønsteret begynner på toppen, og du strikker deg nedover. Veldig greit måte å strikke toppar, genserar og kjolar på synes eg, det er så lett å justere på vidde og lengde undervegs.


Oppskrift: Magda av Tora Frøseth
Pinner: 3,5 på kropppen og 3 til kantane
Garn: Malabrigo Lace Baby Merino frå Loop Knitting

Når eg var ferdig med denne toppen så hadde eg tilnærma halvparten av nøste igjen. Flaks for meg då, at Mannens gode ven og kollega blei pappa i april, til ei nydeleg lita jente. Og dermed blei Fiona's top, str bittebitteliten til!



Også denne har eg strikka før, men oppskrifta er så skjønn at eg gjentar den gjerne. Modifisert litt ift oppskrifta - strikka den rundt framfor å strikke bakstykke og framstykke kvar for seg.


Sidan denne blei strikka til ein liten baby, og sidan små babyar stort sett ligger på ryggen, valgte eg å ha sløyfe framfor knappar bak på kjolen. Syns det blei ein litt søt effekt ;-)
 



Okei, eg skal innrømma, at det skranta litt på garnmengden mot slutten. Strikka derfor kanten nede litt kortare enn det som er oppgitt i oppskrifta.




Oppskrift: Fiona's top by Rasmilla
Pinner: 3,5 på kroppen og 3 til kantane
Garn: Malabrigo Lace Baby Merino frå Loop Knitting




onsdag 29. august 2012

Tibialia og Shepherd Sock

De har kanskje fått det med dykk? Ein splitter ny, norsk nettbutikk med luksuriøst og herlig garn!
Tibialia er namnet på den nye butikken, drevet av Lisa og Kristina. I love it!

Eg var så heldig å bli trukke ut som ein av 5 strikkebloggarar, for å teste garnet. Fekk meg eit nøste med Lorna's Laces Sheperd Sock, i den nyyyydelege fargen Black Purl. I love it, part deux! Resultatet blei eit par sokkar i mønsteret "Monkey" - som ligg gratis på Knitty.com.


Må sei eg vart veldig nøgd med med resultatet. Var litt spent korleis fargen blei - om garnet ga ein melert eller stripete effekt. Heldigvis blei det det siste, noko eg syns gjorde seg godt med dette mønsteret.




Mønsteret er på engelsk, men det er nokså lett å komme inn i, og passar godt som tv-strikk når du først har fått inn mønsterrepetisjonen. Strikka bestemor sin hæl (som eg no endelig har fått skrive ned - no er den med meg i kvar sokkeprosjekt!) ;-)



Garnet falt altså veldig godt i smak hos meg. Det er tynt, noko som eg set stor pris på i eit sokkegarn - takler dårlig når labbane blir for tjukke. I tillegg virkar det slitesterk. Det var behagelig å strikke med, og glei godt på pinnane. Eg strikka sokkane på pinne 2. Litt tynt for min personlege smak - resultatet hadde nok blitt vel så fint med 2,5 (er overraskande stor forskjell på dei to størrelsane syns eg, når det gjeld kva som er komfortabelt å strikke med). Neste sokkeprosjekt med dette garnet (for det blir nok fleire!), så hopper eg nok opp på pinne 2,5.



Desse sokkane går rett inn på favorittplassen - og egosentrisk som eg er, så blir dei kun mine. Eg er ein frysepinn når det gjeld beina, og desse sokkane varmar - samstundes som dei er fine. Kven kan be om meir? ;-) Heia Tibialia, seier berre eg. Har du ikkje oppdaga butikken enda, så ta deg ein kikk innom. Den er kjempefin, og sel herleg garn!



Garn: Sheperd Sock frå Tibialia
Pinne: 2
Mønster: Monkey frå Knitty.com

søndag 1. april 2012

Marius!

Ja, så heiv eg meg på bølga eg også.




Hadde noko Drops Alpakka liggande (flaks for meg!), som de ser på fargane så skjønner de sikkert at dette var eigentleg planlagt kjolar til jentene av. Men pyttsann, kva er vel livet utan litt egosentrisitet? ;-) 



Eg er iallefall kjempenøgd med fargane. Og nøgd med at eg fullførte. Var på nippet til å gi opp, for det stykket før mønsteret tok til var verkeleg laaaaangdrygt. Endo eg strikka den kortare enn oppskrifta (sidan eg stort sett er kortare enn dei fleste oppskrifter) ;-)


Fellte ein god del meir enn det som sto i oppskrifta på halsfellinga. Den første versjonen vart kjempevid, og det har eg inntrykk av at fleire har erfart. Endra også litt på oppskrifta i forhold til aukinga på armane, etter tips frå Lisa då ho strikka sin Marius. Glad for det, for trur originaloppskrifta hadde blitt noko vid oppe! Men slike sånne små justeringar må vel til på dei fleste oppskrifter. Sånn sett er det lettare å strikka til born, ikkje så store "krav" til passformen ;-)

Men alt i alt, nøgd med Mariusen min! Passar jo ypperleg at eg skal på påskeferie til fjellet i år ;-)

Oppskrift: Sandnes Garn "Klassikere"
Pinner: 3 og 3 1/2
Garn: Drops Alpakka, 5 nøster av hovedfargen, 1 nøste kvar av kontrastfargane

måndag 6. februar 2012

Totoro, Totoro!


Kanskje nokre av dykk har fått den med seg, denne søte filmen "Min nabo Totoro"? Laga av den japanske anime-regissør Hayao Miyazaki (som forøvrig også har ein heil haug med andre søte animefilmar, og som har bursdag samme dag som meg - såkalla fun fact der altså). Wikipedia beskriv filmen slik: 


Filmen er et fascinerende portrett av japansk landbyliv, og handlingen utspiller seg i løpet av en sommer. En universitetsprofessor og hans to døtre flytter inn i et gammelt hus ved skogen, som noen tror er hjemsøkt. Konen hans ligger på sykehuset for å bli frisk etter tuberkulose. Døtrene hans oppdager «sot-ånder», som de tror er «hybelkaniner».
Den ene av døtrene, Mei, oppdager en liten ånd som leder henne inn i en magisk skog der hun finner en stor skogsånd. Hun kaller den Totoro. Faren hennes forteller at ånden er skogens konge. Bare de som har et rent hjerte kan se åndene i skogen. Fire år gamle Mei bestemmer seg senere for å finne igjen skogens konge. En regnfull kveld, mens jentene venter på en buss, møter de en gigantisk Totoro som beskytter seg mot regnet med et stort blad fra et tre. Da den eldste søsteren gir Totoro paraplyen sin blir han glad. Etter dette møter jentene stadig Totoro på deres nattlige eventyr.

Det var ei av mine beste venninner som introduserte meg for denne filmen, og til bryllupet mitt gav ho meg og min mann ein heil filmpakke med filmar som Miyazaki har produsert. Difor fall det ganske naturleg at eg no skulle strikka Totoro-vottar til bursdagen hennar (som forøvrig er ein litan måned sidan, men altså - tanken tel vel like mykje sjølv om den er litt forsinka?)






Strikka i Rowan Felted Tweed og på pinne 4, så skulle vel dette være eit nokså lettstrikka prosjekt. Men, då den første votten viste seg svært misforma (ikkje veit eg kva som var feil, men må jo sei, der tommelen er lagt opp til i mønsteret sett i forhold til kor du byrjer fellinga på toppen av votten  - ikkje ein gong eg har så korte nevar!). Så ein mislykka vott - ingenting anna enn å byrje på nytt. Denne gongen la eg også opp mindre masker på vrangborden, slik at den skulle bli smalare rundt handleddet, for så å auke når eg skulle byrje på sjølve hånda.







Det gjekk jo greit, og forsøk nummer to viste seg å bli vellykka (la altså tommelen litt lenger ned denne gongen). Det einaste var jo at no var motivasjonen på bunn i forhold til det å skulle byrje på ein ny (og tredje) vott. Flaks var det jo også då at eg byrja på ein til av høgre varianten, slik at eg måtte rekke opp eit par omgangar (oppdaga jo ikkje dette før eg skulle prøve vottane på kvar si hand. Det viste seg vanskeleg gitt.) Alt dette, kombinert med at det var veldig lange passéar utan mønster, slik at eg måtte stoppe opp kvar tredje maske og snurre kontrasttråden rundt hovedtråden, gjorde dette til eit langvarig prosjekt.
Men altså, skal jo ikkje vera negativ! Og tanken på mottakaren hjalp jo på motivasjonen. Håpar og trur at vottane vil falla i smak :) Dei skal sendast til Sverige i morgon den dag. Totoro, totoro!






Pinner: 4
Garn: Rowan Felted Tweed DK, 1 nøste av kvar farge 


Og, sidan desse vottane er strikka til ei som betyr mykje for meg, så sender eg dette inn som bidrag til utfordringen som handlar om nettopp det på Pinnekroken: "Lag noe til en du er glad i". Wish me luck! :)

torsdag 2. februar 2012

Tipp topp! Lue med dusk

Heilt sidan eg fann denne herlege dusken i alpakka hos martehelgetun.no (eg er jo eigentleg motstandar av pels, men ein dusk av alpakka må være lov?), har eg villa strikka meg ei lue som gir dusken den oppmerksomheten den "fortjener". Jaggu hadde Pickles oppskrift på nett ei sånn ei! Så Tipp topplue i finfint Londongarn, slikt er perfekt no når det er så kaldt og fint i Bergen by.




Endra litt på fletta i midten - same maskeantall som i oppskrifta, men valgte ei flette som gjer litt meir ut av seg, og som også matchar flettene i Bellas mittens, som er planlagt som matchande tilbehør til den nye lua mi (strikka jo desse i gåve til ei venninne jula 2010, og no skal eg endeleg også strikka dei til meg sjølv) :-) Flettene er strikka slik at ein tar dei tre første på hjelpepinne framfor arbeidet, strikker tre masker og strikker deretter maskene på hjelpepinnen. Tar så tre nye masker på hjelpepinne, no bak arbeidet, strikker tre masker og strikker deretter maskene på hjelpepinnen.




Så:
Oppskrift: Tipp topplue frå Pickles
Garn: Artesano Aran Alpaca Blend
Pinner: 8 (og det gjekk unna!)
Dusk i alpakka frå Marte Helgetun