tysdag 25. desember 2012

Julegåve til meg sjølv...

Eg har ikkje strikka så mange julegåver i år - det vart to litt større (blogginnlegg kjem). Eg har jo etterkvart innsett at eg berre er ei slik som har mange prosjekt på gong samtidig - trur det er noko med variasjonen eg treng. Derfor blei det altså slik at innimellom strikking av julegåver, så produserte eg ei lita gåve også til meg sjølv ;-)

Møt The Lonely Tree shawl!



Oppskrifta fann eg på Ravelry, og når du ser bileta designeren har tatt så skjøner du sikkert kvifor eg fall for denne oppskrifta. Skikkelig inspirerande!




Som eg skriv på mi Ravelry prosjektside, eit "lace"-prosjekt i tjukt garn - det kan eg like! Garnet eg har brukt er Artesano Aran, ei blanding mellom alpakka og ull.





Syns det blei eit enkelt og fint sjal - det einaste eg ikkje vart heilt nøgd med var kanten, skulle eg gjort det om igjen ville eg hatt "tutane" litt tettare, dei blei ikkje så spisse og fine som i oppskrifta. Men, ikkje noko eg gidder å rekke opp for å gjere om igjen, så det får berre være ;-)




Så:
Oppskrift: The Lonely Tree Shawl (finnes kun på Ravelry - men er gratis!)
Pinner: 5.5 
Garn: Artesano Aran, usikker på eksakt mengde, muligens 2.5 hesper.


Håper alle der ute i bloggverda har ei fredfull og fin juletid! :-)

13 kommentarer:

  1. Kjempe fint! Greit med noko som er litt raskare å strikke enn desse lacesjala i tynt garn. Ha framleis ei fin juletid.

    SvarSlett
  2. For et superfint sjal! Det likte jeg veldig godt. Ser frem til at jeg selv kan lese slike oppskrifter på engelsk og få det til.
    Det ser varmt og fint ut :)

    SvarSlett
  3. Det var utrolig lekkert :)Nydelig mønster!
    Ha en fortsatt fin jul :)

    SvarSlett
  4. Nydelig sjal. Falt virkelig for dette siden jeg selv leter etter oppskrift på et sjal strikket i tykt garn. Har ikke den store tålmodigheten til å strikke store sjal i tynt garn og med tynne pinner.

    SvarSlett
  5. Det var et veldig pent sjal! Du har all grunn til å være stolt av det arbeidet du har gjort her :)

    SvarSlett
  6. Nydelig sjal :) Det mønsteret passa kjempefint til tjukkere pinner. Vurderer nesten å stikke et selv ;) Takk for inspirasjonen!

    - Anette

    SvarSlett
  7. Sjal er fine greier! Og spesielt når man lager et til seg selv en gang i blant ;)

    SvarSlett
  8. Flott sjal! Moro å lage ting til seg sjølv ein gong i mellom.

    SvarSlett
  9. Nydelig sjal, sart fin farge du har valgt! Likte også godt det grønne du har strikket, fantastisk strukturstrikk :)

    SvarSlett
  10. Så fint det var! Helt nydelig.

    SvarSlett
  11. Veldig flott sjal! Skjønner godt at du fall for det. Trur jammen at eg vil strikke det sjølv òg :)

    SvarSlett