torsdag 28. oktober 2010

Babyblått til frostne vintertider



Ei barndomsvenninne av meg fekk nyleg ein liten gut, ein bitteliten ein, sju veker for tidleg født. Slike småttisar treng litt ekstra varme! 






















Tøflar med passande vottar til for å hjelpe ein liten gut å halde varmen i vinter. Er jo litt stas med heimestrikka barselgåver? :)





















Tøflane har eg blogga om før, det er oppskrifta til bloggaren bak Ullent Eventyr, men denne gong modifisert til å strikka rundt (slik at det kun blir litt sying bak i hælen). Vottane er i frå Nøstebarnboka. Begge mønstera er strikka litt mindre enn det som er oppgitt i oppskrifta, sidan det er ein liten Tommeliten som skal få dei.

Pinner: Strømpepinner nr 3
Oppskrift tøflar: Ullent eventyr sine "Stay-on baby booties"
Oppskrift vottar: Nøstebarn

fredag 8. oktober 2010

Blogginspirasjon

Ramla over denne strikkebloggen her om dagen. Her var det mykje fint!

Denne bloggaren lagar mange flotte oppskrifter, og eg fann raskt mykje eg har lyst å laga.

Har blant anna lyst å prøve meg på denne herlege vesten. Men tør eg strikke noko til meg sjølv tru? ;)

torsdag 7. oktober 2010

Monsterbukse - sjokolademonster!

Strikka jo for ei tid tilbake ei monsterbukse, men viste aldri det ferdig resultatet. Her kjem bilete!
Hadde eigentleg planar om å sy augevipper på monsteret, og brodere ein liten muffins på framsida. Men det blei med ideen gitt.


 Monsteret lev glade dagar i barnehagen, der ho blir flittig brukt kvar dag!


Det rosa bandet i livet er bytta ut med ein meir praktisk strikk. Ikkje så dekorativt, men meir anvendeleg i ein hektisk kle-av-og-på-kvardag i barnehagen ;)
































Tråden nuppa seg litt etter bruk, veit ikkje om det kan vitne om litt dårleg kvalitet på garnet? Det er uansett ei varm og god bukse!



Eit kjekt prosjekt, og ei god oppskrift som eg kan anbefale i "jungelen" av monsterbukseoppskrifter ;) Har ei ny bukse på pinnane no, denne gongen ein meir maskulin versjon som skal leverast i treårsgåve til ein tantegut.

Garn: Babyull frå Europris, og Baby Merino frå Nille
Pinner: Rundpinne og strømpepinne nr 4
Oppskrift: Ordentlige bleier si monsterbukse

tysdag 5. oktober 2010

Garn på veg i posten!

Frå Hifa! Nokon som har prøvd deira garn?
Fann den søtaste oppskrifta der, "Lillefot"-tøflar. Gledar meg til å sette i gong med den!





















Og fargar? Lilla sjølvsagt! Nærare bestemt mørk lilla og denne litt lysare (kanskje litt meir rosa den siste der...).

I dag var eg på Ull-Rik butikken, der er det opphørssal. Dei skal satse på nettbutikk, kunne dama som sto der fortelle meg. Spanande! Ull er gull, så eg gjekk ut derifrå med ei ulltrøye til mini nr 1, og littegrann garn frå Dale. Planen er ein genser, av eit eller anna slag ;)

Elles held eg på med ein babyjakke, og hals, og sokkar, og... Puh... Korti skal eg lære meg å gjere ferdig eit prosjekt før eg startar på eit nytt? ;) Uansett, bileter kjem! No er det tilbake til studiene, ikkje nett like freistandes som strikkepinnane men. Det må til, skal eg få meg jobb og pengar til alt dette garnet eg kjøper ;)