Viser innlegg med etiketten genser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten genser. Vis alle innlegg

søndag 1. april 2012

Marius!

Ja, så heiv eg meg på bølga eg også.




Hadde noko Drops Alpakka liggande (flaks for meg!), som de ser på fargane så skjønner de sikkert at dette var eigentleg planlagt kjolar til jentene av. Men pyttsann, kva er vel livet utan litt egosentrisitet? ;-) 



Eg er iallefall kjempenøgd med fargane. Og nøgd med at eg fullførte. Var på nippet til å gi opp, for det stykket før mønsteret tok til var verkeleg laaaaangdrygt. Endo eg strikka den kortare enn oppskrifta (sidan eg stort sett er kortare enn dei fleste oppskrifter) ;-)


Fellte ein god del meir enn det som sto i oppskrifta på halsfellinga. Den første versjonen vart kjempevid, og det har eg inntrykk av at fleire har erfart. Endra også litt på oppskrifta i forhold til aukinga på armane, etter tips frå Lisa då ho strikka sin Marius. Glad for det, for trur originaloppskrifta hadde blitt noko vid oppe! Men slike sånne små justeringar må vel til på dei fleste oppskrifter. Sånn sett er det lettare å strikka til born, ikkje så store "krav" til passformen ;-)

Men alt i alt, nøgd med Mariusen min! Passar jo ypperleg at eg skal på påskeferie til fjellet i år ;-)

Oppskrift: Sandnes Garn "Klassikere"
Pinner: 3 og 3 1/2
Garn: Drops Alpakka, 5 nøster av hovedfargen, 1 nøste kvar av kontrastfargane

fredag 25. mars 2011

Stripete raglanfelling



Denne genseren vart til for ei lita stund si, men vart tatt i bruk fra første stund, så derfor har eg ikkje komt på å ta bileter og blogge om den før no. Når ein har miniar i friluftsbarnehage blir det eit ekstra behov for gode ullklede, så eg tok turen til Nille og kjøpte inn litt "Østlandsgarn"(nokså likt, om ikkje det same som Vestlandsgarn på Sparkjøp, om eg ikkje tar heilt feil). Greit garn til barnehagebruk syns eg, passe tjukt og slitesterk.













Genseren blei strikka etter "eige hovud". La opp 124 m og strikka vrangbord i ca 3 cm. Auka deretter til 134 m, og strikka glattstrikk vidare. Når eg var oppe i ønska lengde, fellte eg 8 masker på kvar side under armhola, og la arbeidet til side. Byrja så på armane, der eg la opp 40 m og strikka vrangbord i ca 3 cm. Strikka så vidare i glattstrikk, og auka to masker kvar 6 omgang  (ei i byrjinga av omg og ei i slutten) til eg var oppe i den vidden som passa på armen. Når armen var lang nok fellte eg 8 masker på armen, og byrja på raglanfellinga. Her fulgte eg denne oppskrifta, sånn nokolunde. Genseren vart strikka på pinne nr 4.




















Knappane fann eg på Søstrene Grene i Stavanger, eit søtt lite "Noregsglass" med 100 knappar oppi (til den nette sum av 35 kr). Herlig!



























Oppskrift: Eiga (sjå forklaring over)
Garn: Østlandsgarn frå Nille
Pinner: nr 4

måndag 20. september 2010

Genser til haustkalde dagar




















Garn: Babygarn frå Stoff og Stil
Pinner: Rundpinne 2,5 til brota, og 3 til resten av genseren
Oppskrift: Stoff og Stil

Nok eit babyplagg, i favorittfargen lilla (som alltid?) ;) Ein veldig lettvint, og derfor kjekk genser å strikke (er alltid glad i ting som går raskt på pinnane!).




















Garnet er mjukt og godt, og var gode på trepinnane (som eg jo aller helst foretrekker). Det gjenstår å sjå om den nuppar seg, slik for eksempel Europris si babyull har ein tendens til å gjere. Trur babyulla frå Stoff og Stil er hakket mjukare iallefall, utan at eg skal seie noko sikkert.

Genseren er ein veldig enkel modell, men har ein liten dekorativ mønsterkant øverst. Ekstra fin blir den med litt meir dekorative knappar enn det eg har valt her, men eg er ei utålmodig sjel, og "raida" mor si knappesamling for knappar (lite knappeshopping her i huset gitt). På utstillingsmodellen dei hadde laga på Stoff og Stil var det brukt sjølvtrekte knappar med stoff som matcha fargen på genser. Det var liksom prikken over i'en. Men, genseren min dug no til barnehagebruk, sjølv med litt "keisame" knappar ;)



Eg har aldri strikka genser med raglanfelling før, men kan allereie (etter første forsøk) seie at eg har funne mitt kall ;) Noko so enkelt! Fann mykje inspirasjon i denne strikkebloggen, ho viser her at det er leikande lett å strikke raglanfelling, noko det også var (sjølv om eg lurte fælt på korleis dette skulle gå til. Takk for flinke medbloggarar, seier berre eg!).


Det einaste som skal syast er hullet under armane, noko som faktisk ikkje er så komplisert. La dei kant i kant, og sydde gjennom dei ytterste maskene på kantane. Det sto forøvrig også ganske greit forklart i oppskrifta korleis raglanfellinga skulle strikkast. Alt i alt eit lettvint prosjekt!

Eg er jo veldig glad i hausten, ikkje minst fordi det går an å bruke strikkeplagg igjen :)