fredag 26. mars 2010

På pinnen: Sjokolademonster



Garn: Babyull frå Europris (?), og Baby Merino frå Nille
Pinner: Rundpinne og strømpepinne nr 4
Oppskrift: Ordentlige bleier si monsterbukse

Lenge har eg tråla nettet etter favorittoppskrift på ei slik tøff monsterbukse som er blitt så populær. Og no trur eg jammen eg har funne min favoritt!

Monsteret mitt manglar endo ein fot, og sjølvsagt auger og tenner. Målet er å bli ferdig i kveld (ambisiøs, som alltid. Muleg eg må utsetja denne fristen til i morgon...). Den skal hvertfall brukast på hyttetur til Vågslid i påsken, der det endo er snø og den deilige våren ikkje har gjort sitt inntog. Strikkar buksa ekstra stor, i håp om at den skal passe til hausten når mini 2 skal byrje i barnehage.

Garnet er ein god blanding Europris og Nille. Babyulla frå Europris var noko eg hadde liggande i strikkeskåpet, og skal ikkje havna på mine pinnar til noko så stort igjen (denne haugen er no dedikert til dukkeklær). Det var jaggu rett før eg pådrog meg senebetennelse, og slik styggedom vil eg no ikkje ha i hus ;) Syns rett og slett dette garnet glei dårleg på trepinnane, muleg det fungerer betre på vanlege pinnar. Baby Merino frå Nille var mykje betre, mjukt og fint. Det er for øvrig strikka i dobbel tråd, litt for at buksa skal bli tjukk og god (og lettare å brodera på, har eg høyrt?), og litt fordi det skulle gå ekstra kjapt å få monsteret ferdig ;)

Om du vil strikke ei slik herleg monsterbukse, vil eg anbefale å kikke innom desse sidene for inspirasjon, mange tøffe variantar her!

No er det godkveld, med litt raudt i vinglaset og strikketøyet i nevane. God helg!

4 kommentarer:

  1. Det ser ut til å bli en søt bukse :) Herlige farger! Gleder meg til å se resultatet :)
    Og vet du hva? babyulla fra både europris og nille produseres av gjestal og er egentlig samme garnet ;) men det er store forskjeller på hvor mykt garnet i forskjellige farger.

    SvarSlett
  2. Det visste eg ikkje! Merkeleg, kjennes som to vidt forskjellege garntypar...;) Men, no skal det seiast, at babyulla frå Europris er kjøpt for leeenge sidan, mens Nille-garnet er nytt. Kan det ha noko å seie?

    Gledar meg uansett til å få buksa ferdig :)

    SvarSlett
  3. Den blir fin......flott farge kombo. Tenker meg at lille monster blir glad for buksen.

    SvarSlett
  4. nei, ikke lett å si hvorfor garnet er så forskjellige i kvaliteten... Kanskje det er fra før den tid Europris har hatt Gjestal? Får bare håpe på at det blir myker i vask som all ulla blir.

    SvarSlett