Garn: Tynn alpakka frå Du store alpakka
Pinner: Strømpepinner nr 2.5
Oppskrift:
Super Baby's knee highs
Nyaste tilskotet i babystrikket, desse søte knesokkane som er ei litt modifisert utgåve av den opprinnelege oppskrifta, som jo er for 3 månader (dog litt stor 3 månaders baby, spør du meg). Eg strikka desse litt lenger, både i skaftet og sjølve foten. Hadde eg strikka den på nytt no, hadde eg kutta eit par fellingar i skaftet, desse blei nemlig veldig smale i foten til min 10 mnd gamle mini. Eg har også "dekorert" sokken litt med å strikka enkel perlestrikk over dei 10 midterste maskene frampå foten.
Eg er ikkje særleg bevandra i sokkestrikking, og har alltid hatt stor respekt for bestemor som strikkar sokkar på løpande band. Det er denne hælen eg synes er frykteleg skummel, men no har eg prøvd eit par variantar, og trur eg har funne meg ein favoritt i
denne. Eg håpar at øving skal gjera meg til mester (iallfall mester-liknande?). Minien verka iallfall veldig nøgd med sine sokkar, og syns sjølvsagt det er veldig spanande når ho mor skal ta bilete av fotane, miniar er kjekke sånn!
Eg har også strikka ein anna variant av denne sokken, då minien var heilt ny. Desse også litt modifisert i forhold til oppskrifta, strikka i Nøstebarn sitt to-tråds merinogarn, på pinne nr 2.5. Her strikka eg heile sokken i dobbel perlestrikk, og prøvde meg på
denne hælen.
Øvelse gjør faktisk mester i sokkestrikking. Jeg hadde lenge aversjoner mot sokker, men har innsett at siden de som strikker sokker i slekta dør ut, så må jeg lære det selv. Sokk to er fremdeles ikke moro, men det kommer seg.
SvarSlettKjekke bilder!
Flott blogg du har :-)
SvarSlettDet håpar eg verkeleg, syns det er ein fin kunst å kunne strikke sokkar.
SvarSlettTusen takk for det Linda :)