torsdag 8. april 2010

Sjukdom og sjølvmedlidenhet

Snufs, kor synd eg synes på meg sjølv. Sjuk - forkjølt, feber og eitt stort opphovna auge (ja, berre det eine! Augekatarr på veg...?). Har ikkje ein gong energi til å strikke, og er ganske så sur om dagen...

Monsterbuksa blei ferdig i påsken, og mykje brukt på hyttetur på Vågslid. Elles held eg på med ein bolero frå Pickles, i dette garnet (herleg mjukt! Pickles er no på favorittlista, dei har fått inn eit nytt bomullsgarn som eg også har planar om å prøve). Har også ein tunika til mini 2 på pinnane, fekk nemleg ein forsinka bursdagspresang frå ei knallgod venninne - to nøster Inca Alpakka garn, dette oppskriftsheftet og rundpinne nr 3. For ein fantastisk presang!

Skal få lagt ut bilete når formen er betre. Tenk å ikkje eingong orke å strikke, jaiks! (Eg likar å synes ein heil del synd å meg sjølv når eg er sjuk) ;-)

3 kommentarer:

  1. Boleroen ser kjempe flott ut:-) Gled deg til den blir ferdig og du kan ta den på deg:-)

    God bedring. Håper du blir fort frisk igjen!

    SvarSlett
  2. Herlig blogg du har. Fin heading og skrift.

    God bedring!

    SvarSlett
  3. Takk for koselege helsingar :)
    Formen er heldigvis på veg opp!

    SvarSlett