Viser innlegg med etiketten luer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten luer. Vis alle innlegg

torsdag 2. februar 2012

Tipp topp! Lue med dusk

Heilt sidan eg fann denne herlege dusken i alpakka hos martehelgetun.no (eg er jo eigentleg motstandar av pels, men ein dusk av alpakka må være lov?), har eg villa strikka meg ei lue som gir dusken den oppmerksomheten den "fortjener". Jaggu hadde Pickles oppskrift på nett ei sånn ei! Så Tipp topplue i finfint Londongarn, slikt er perfekt no når det er så kaldt og fint i Bergen by.




Endra litt på fletta i midten - same maskeantall som i oppskrifta, men valgte ei flette som gjer litt meir ut av seg, og som også matchar flettene i Bellas mittens, som er planlagt som matchande tilbehør til den nye lua mi (strikka jo desse i gåve til ei venninne jula 2010, og no skal eg endeleg også strikka dei til meg sjølv) :-) Flettene er strikka slik at ein tar dei tre første på hjelpepinne framfor arbeidet, strikker tre masker og strikker deretter maskene på hjelpepinnen. Tar så tre nye masker på hjelpepinne, no bak arbeidet, strikker tre masker og strikker deretter maskene på hjelpepinnen.




Så:
Oppskrift: Tipp topplue frå Pickles
Garn: Artesano Aran Alpaca Blend
Pinner: 8 (og det gjekk unna!)
Dusk i alpakka frå Marte Helgetun

måndag 16. januar 2012

O jul med din glede

Det blei eit knippe julegåver i år. Hadde store planar (første år utan eksamensspøkelset hengande over meg) - men trur all tida gjekk til hovudet på meg (Du veit, når du tenker at du har sååå god tid? Og så endar du opp med å ikkje bruke den gode tida i det heile. Noko i den duren).

Men eit par-tre blei det lell:

Julegåve til ei av mine næraste venner. Hals frå Stitch Nation, strikka i mjukt Fumato, kjøpt på Tjorven garn i Oslo (ein butikk som anbefales om du i Majorstua-trakter!).






Oppskrift: Infinity Trinity: Cowl & Mitts, la opp 60 m framfor 40 som står i oppskrifta, så felta med perlestrikk blei litt større (og dermed også halsen litt breiare)
Pinne: 4 1/2
Garn: Fumato frå Lana Grossa, pluss ein glittertråd i gull for litt glitrande (knis!) effekt :-)

Julegåve til to nieser (eller tantungar, som eg jo eigentleg seier). Desse populære luene med pelsdusk, strikka etter oppskrift hos Tjorven garn. Raske og lettstrikka! Den rosa i str 6-8 år, den lilla str 8-10 (og dermed litt stor til den søte modellen min). Strikka i Drops karisma.




Sidan eg ikkje er så glad i bruken av pels, styrte eg litt med å finne fuskepelsduskar. Fann heldigvis til slutt - hos Marte Helgetun. Dei var kjempefine, og eg er så nøgd med prikken over i-en!

Må jo også legge til at når den eine niesa ønska seg eiga korg med strikketøy i til jul, vart strikketanta varm om hjarta, og ikkje i tvil om kva resten av julegåva skulle innehalde ;-)



Oppskrift: Ribbestrikket lue
Pinne: 4
Garn: Drops Karisma, litt over eit nøste på kvar
Dusk frå Marte Helgetun, farge Mørk ulv, størrelse small

måndag 21. mars 2011

Stripete lue til seksåring

Kom over denne strikkebloggen, Strikkere, her om dagen. Ein utfordringsblogg, gøy! Eg tar gjerne ein utfordring, syns det er kjekt å få innspel og inspirasjon til kva eg kan strikke (som om den lista ikkje er lang nok....) ;) Temaet for utfordringa eg heiv meg med på var "stripete luer", strikka til søte minien min, som alltid er så takksam for det som mor strikkar :)



























Eg har eit ganske stort alpakkalager, og mottakaren av denne lua er nokså streng på om det klør eller ikkje, så valet fall naturleg. Alpakka er noko av det beste eg strikkar med, så likar godt å ha dette på pinnane.




















Fargane er mørk brun, lys rosa og beige.

Oppskrifta er egenkomponert, la opp 120 masker og strikka vrangbord i omtrent 7 cm. Aukte deretter til 176 masker, og strikka glattstrikk fram til lua dekka nesten heile hovudet. Strikka så nokre omganger der eg fellte to masker på fire forskjellige plassar. Til slutt drog eg tråden gjennom maskene på pinnen og "snurpa" sammen. Enkel og grei måte å strikke lue på synes eg, har litt sansen for den snurpeeffekten på toppen ;)





















Garn: Alpakkatråd (ymse restar)
Pinner: nr 3
Oppskrift: Eiga (sjå forklaring over)

Mottakaren av lua var godt nøgd med lua. Stor jente er ho også blitt, blei heile seks år på torsdag.
































Helga har altså gått i bursdagsfeiring, med karneval for avdelingen i barnehagen i går. Høglytt, men kjekt!
Vanskeleg å tru at vesle babyen min er blitt så stor (er vel fleire foreldre som kjenner seg igjen der...)! Ballerinaen var uansett godt nøgd med festen sin :)


torsdag 17. mars 2011

Lue til Mannen

 Det blir ein del babystrikk her i heimen, å påstå noko anna ville vel vore løgn. Difor er det eit friskt pust å enkelte gongar strikke noko heilt anna. Denne gongen blei det min gode mann som blei beæra med mi kjærleik gjennom pinnane ;)




Lue strikka i mjuk Karisma frå Drops, med tilhøyrande oppskrift. Enkel og grei, rett og slett!

Lettstrikka sak, som vart gjort ferdig på eit par kveldar. Mottakaren var nøgd, og slepp heretter å fryse i den kalde vinden (som minnar oss om at våren ikkje heilt er klar for å kome fram endo) ;)

(Han hadde vel forresten kanskje ikkje turt å la være å bruke den, når eg tenker meg om...)



Garn: Karisma, omtrent 1 1/2 nøste
Pinnar: 3,5
Oppskrift: Drops

Forresten! Observerte ei søt dame som satt å strikka på Bybanen i dag. Gøy! Slo meg at, hei, kor mange timar som blir tilbrakt på vår kjære bane. Eg skal jaggu byrje å ha med meg strikketøyet i veska eg óg. Betre det enn å glo ut vindauget (eller på andre passasjerar som glor ut vindauget, eller sit å strikkar, for den del) ;)

søndag 7. november 2010

Vinter!

Det har plutseleg komt snø (igjen)! Flaks for meg at eg er ferdig med mi herlege "Stafflue" frå MirreVirre sin fine strikkeblogg :)
































Denne lua som er så populær på strikkebloggar rundt om i det vidstrakte internett-land har no vore på pinnane mine eit par kveldar.
 
Eit utruleg lettstrikka prosjekt, med både strikkepinnar og heklenål involvert. Denne blir det nok strikka fleire av! Lett å justere lua etter kva størrelse du vil, sidan du byrjar med å strikke fletta på "tvers", og dermed kan strikke dette bandet så vidt du vil ha det. 


Oppskrift: Stafflua
Pinnar: nr 4, heklenål 5
Garn: Sisu frå Sandnes Garn

fredag 5. november 2010

Sukkersøt lue

"Waaow..." sa mini 1 då eg kom heim med dette strømpegarnet...



"Du må strikke en lue til meg, kan du deeet?" Og eg som hadde ambisjonar om sprelske sokkar av det fargerike nøstet. Jaja, lue blei det, eg får bruke eit anna garn til sokkestrikkøvinga mi ;)


Fann fram den trofaste Nøstebarnboka, og strikka ei lettstrikka og rask lue derifrå. Strikka i dobbel tråd, for at den skal være litt lun mot vinden, og halde fasongen greit.
































Dusk har eg ikkje laga si barneskulen, og det einaste minnet eg har frå den seansen var at tålmoda tok slutt og dusken vart aldri ferdig. Måtte difor friske opp kunnskapane litt, og fann ei grei oppskrift på korleis ein dusk blir til her. Eg skjønte raskt fort kvifor tålmoda tok slutt den gong i formingstimen på barneskulen, snurring av tråd rundt to pappskiver kan bli nokså keisamt... Men, morsom detalj på lua likevel ;)
Dusken er imidlertid tatt av igjen no, etter klage frå minien om at lua var for baktung. Eg klarte heldigvis skjule skuffelsen min ;)

 






























Tråd: Strømpegarn frå Europris og Baby Merino Ull frå Nille, Babyull frå Stoff og Stil til dusk og hekla kant
Pinne: 4
Oppskrift: Nøstebarn

søndag 14. februar 2010

Morsdag er ein god dag

Gratulera til alle fantastiske mødre der ute!
Blei til og med ferdig med lua eg strikka i presang til meg sjølv, og blei ganske så nøgd.


fredag 12. februar 2010

På pinnen: Lue til ho mor sjølv

 
Garn: Drops Alpakka
Pinner: strømpepinner nr 3 og 4
Oppskrift: Judith sin strikkeblogg

Burde vel vite betre enn å starte på eit nytt prosjekt før eg har fullført det eg allereie held på med, men av og til treng ein jo litt forandring? Eg har lenge hatt lyst på ei litt finare lue å pryde toppen med no i vinterkulda, og i min søken etter andre strikkebloggar kom eg over denne oppskrifta. Så kva passar vel betre enn å strikke ein morsdagspresang til seg sjølv? Blir i tillegg kvitt litt restegarn (den haugen som aldri vert mindre...), det er jo alltid ein bonus!