Det blei eit knippe julegåver i år. Hadde store planar (første år utan eksamensspøkelset hengande over meg) - men trur all tida gjekk til hovudet på meg (Du veit, når du tenker at du har sååå god tid? Og så endar du opp med å ikkje bruke den gode tida i det heile. Noko i den duren).
Men eit par-tre blei det lell:
Julegåve til ei av mine næraste venner. Hals frå Stitch Nation, strikka i mjukt Fumato, kjøpt på Tjorven garn i Oslo (ein butikk som anbefales om du i Majorstua-trakter!).
Oppskrift: Infinity Trinity: Cowl & Mitts, la opp 60 m framfor 40 som står i oppskrifta, så felta med perlestrikk blei litt større (og dermed også halsen litt breiare)
Pinne: 4 1/2
Garn: Fumato frå Lana Grossa, pluss ein glittertråd i gull for litt glitrande (knis!) effekt :-)
Julegåve til to nieser (eller tantungar, som eg jo eigentleg seier). Desse populære luene med pelsdusk, strikka etter oppskrift hos Tjorven garn. Raske og lettstrikka! Den rosa i str 6-8 år, den lilla str 8-10 (og dermed litt stor til den søte modellen min). Strikka i Drops karisma.
Må jo også legge til at når den eine niesa ønska seg eiga korg med strikketøy i til jul, vart strikketanta varm om hjarta, og ikkje i tvil om kva resten av julegåva skulle innehalde ;-)
Pinne: 4
Garn: Drops Karisma, litt over eit nøste på kvar
Dusk frå Marte Helgetun, farge Mørk ulv, størrelse small
Forseggjort og nydelig;) søte luer;)
SvarSlettTusen takk :)
SvarSlettFlotte strikketing ;)
SvarSlett