Ei barndomsvenninne av meg fekk nyleg ein liten gut, ein bitteliten ein, sju veker for tidleg født. Slike småttisar treng litt ekstra varme!
Tøflar med passande vottar til for å hjelpe ein liten gut å halde varmen i vinter. Er jo litt stas med heimestrikka barselgåver? :)
Tøflane har eg blogga om før, det er oppskrifta til bloggaren bak Ullent Eventyr, men denne gong modifisert til å strikka rundt (slik at det kun blir litt sying bak i hælen). Vottane er i frå Nøstebarnboka. Begge mønstera er strikka litt mindre enn det som er oppgitt i oppskrifta, sidan det er ein liten Tommeliten som skal få dei.
Garn: Dale Alpakka
Pinner: Strømpepinner nr 3
Oppskrift tøflar: Ullent eventyr sine "Stay-on baby booties"
Oppskrift vottar: Nøstebarn