Kanskje de har fått det med dykk, dette
teppet som den danske kronprinsesse Mary har hatt både til dei nye tvillingane og babyen som kom før (avslører glatt at eg ikkje har heilt kontrollen på om det var gut eller jente, det danske kongehuset er ikkje øverst på kunnskapslista mi) ;)
"Mysterieprosjektet" som eg nevnte
såvidt før påske er no ferdig, og overlevert til mi gode venninne som fekk sin vesle gut no i midten av mai.
Som eg skreiv tidlegare, så fanga dette verkeleg min fascinasjon. Ein sann fryd å strikke, dette her, rett og slett! Har tidlegare hatt så lyst å prøve meg på det, men vegra meg, sidan det ser jo frykteleg avansert ut. Kan berre seie med ein gong, at skinnet bedrar! Det var verkeleg ikkje vanskeleg i det heile. Vil tørre å påstå at dersom ein kan strikke rette masker, kaste og strikke to i saman, så har ein eit godt utgangspunkt. Hjelper sjølvsagt på med ein dose tolmod og evnen til å ikkje bli overvelma av store oppskrifter med mykje beskrivelsar ;)
Ein byrjar på same måten som Nøstebarnteppet (Mor Signes babyteppe), dersom det verkar kjent. Altså, legg opp tre masker og aukar derifrå. Einaste forskjellen er at ein byrjar kvar omgang med eit kast, som resulterer i små løkker langs kanten (viser såvidt på biletet over). Desse blir grunnlag for masker til "havskum"-kanten rundt, denne blir strikka fire ganger (altså langs kvar kant), og sydd saman til slutt med såkalla
heksesting. Før syinga strikkar ein imidlertid blondekanten, som vert strikka på "langs" rundt heile teppe.
Teppet vart strikka i Nøstebarn si
merinoull-silke blanding, og resultatet vart så mjukt. Eg er kjempenøgd! Det vart imidlertid litt tungt (teppet er jo rimeleg svært), nok på grunn av silken, men håpar det ikkje gjer mottakaren så mykje. Det gjekk med litt over to hesper til prosjektet, heldigvis sel Nøstebarn halve hesper.
Teppet måtte sendast i posten, sidan mottakaren bur på ein litt anna plass, og eg sit låst med oppgåveskriving (keisamt), så bobleplast og posteske vart kjøpt inn. Komisk nok å pakke inn eit teppe i bobleplast, men kunne jo ikkje risikere at trådar blei dratt laus og liggande igjen ein plass på strekninga ;)
Fekk forresten nydeleg takkemelding av mottakaren, så eg er godt nøgd :)
Oppskrift:
Det finnes eit par, både på dansk og engelsk (der den engelske er originalen, og den danske oversettelsen). Eg fulgte den
engelske, syns den var grei å følge, med forklarande bilete av prosessen. Og så har du den
danske, publisert i bladet "Ude og hjemme", og denne var heilt grusom å følge, sidan dei ikkje har skilt med linjeskift i teksten, slik at alle omgangane kjem etter kvarandre på same linje.
Her er det heldigvis laga ein litt betre versjon av same oppskrifta.
Så:
Engelsk og
dansk
Dersom du er på
Ravelry, ta også ein kikk på dei
mange teppa som er strikka i denne oppskrifta. Mykje fint! :)
Garn:
Nøstebarn Silke-ull, litt meir enn to hesper
Pinner: 4,5