Viser innlegg med etiketten hals. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hals. Vis alle innlegg

søndag 25. november 2012

Dei danske skogar

I haustferien var me på ferie til Danmark. Her besøkte me blant anna Aalborg, nærare bestemt Aalborg Zoo. Rett i nærheten her låg Mølleparken, ein flott og haustleg oase omringa av store trær. Nydeleg vær og godt selskap ga det heile ein litt magisk stemning :-)

Tibialia fann eg Lorna's Laces Shepherd Sock i ein nydeleg, grønnfarge og denne visste eg måtte bli noko spesielt. Resultatet blei ein hals, inspirert av skogen i Mølleparken!



Mønsteret består av to klassiske bladmønster, satt saman til eitt. Det er strikka som eit langt sjal, maska i hop til ein hals. Om du ønsker å strikke dette sjalet, så har eg satt sammen diagrammet av bladmønsteret og laga ein liten beskrivelse, link til den ligg nederst i bloggposten :-)



Garnet er ein draum å strikke med, det gir definerte masker og fint resultat. Hadde ambisjon om ein litt "finsleg" hals, og det syns eg at dette garnet ga. Tynt, men likevel robust (sidan det er eit sokkegarn så er det 20% nylon i det). Halsen kan nok heilt sikkert strikkast i tjukkare garn også, då blir den nok hakket breiare dersom ein bruker like mange repetisjonar av mønsteret som eg har.




Halsen er strikka på pinne 4,5 for å få eit luftig resultat. Forsøkte meg på litt nye teknikkar, eg la opp med "midlertidig opplegg," eller "Provosional cast on with waste yarn." Dette går ut på at ein bruker ekstra garn i oppleggskanten, som gjer det mulig å plukke opp igjen maskene og sette dei tilbake på pinnen. Det er ein god del videoar på dette på YouTube, eg har blant anna sett litt på denne:



Når halsen var lang nok, maska eg sammen slik:




Er, om eg får sei det sjølv, kjempenøgd med den nye halsen min. Den er allereie mykje brukt! Kjekt å ha laga noko heilt eget, frå start til slutt :-)


Garn: Lorna's Laces Shepherd Sock, ca 1,5 nøste
Pinne 4,5
Oppskrift: Mi eiga. Er ein samansetning av klassiske bladmønster - beskrivelse kan lastast ned her
Kan også lastast ned på Ravelry.

Obs! Det var i den første versjonen ein feil i oppskrifta - den sa at du skal legge opp 93 masker. Riktig antall er 77 masker. Oppdatert pdf-fil er lagt ut 26.11.2012.

Halsen ligg også på Ravelry

Ha ein strålande søndags kveld! :-)

måndag 16. januar 2012

O jul med din glede

Det blei eit knippe julegåver i år. Hadde store planar (første år utan eksamensspøkelset hengande over meg) - men trur all tida gjekk til hovudet på meg (Du veit, når du tenker at du har sååå god tid? Og så endar du opp med å ikkje bruke den gode tida i det heile. Noko i den duren).

Men eit par-tre blei det lell:

Julegåve til ei av mine næraste venner. Hals frå Stitch Nation, strikka i mjukt Fumato, kjøpt på Tjorven garn i Oslo (ein butikk som anbefales om du i Majorstua-trakter!).






Oppskrift: Infinity Trinity: Cowl & Mitts, la opp 60 m framfor 40 som står i oppskrifta, så felta med perlestrikk blei litt større (og dermed også halsen litt breiare)
Pinne: 4 1/2
Garn: Fumato frå Lana Grossa, pluss ein glittertråd i gull for litt glitrande (knis!) effekt :-)

Julegåve til to nieser (eller tantungar, som eg jo eigentleg seier). Desse populære luene med pelsdusk, strikka etter oppskrift hos Tjorven garn. Raske og lettstrikka! Den rosa i str 6-8 år, den lilla str 8-10 (og dermed litt stor til den søte modellen min). Strikka i Drops karisma.




Sidan eg ikkje er så glad i bruken av pels, styrte eg litt med å finne fuskepelsduskar. Fann heldigvis til slutt - hos Marte Helgetun. Dei var kjempefine, og eg er så nøgd med prikken over i-en!

Må jo også legge til at når den eine niesa ønska seg eiga korg med strikketøy i til jul, vart strikketanta varm om hjarta, og ikkje i tvil om kva resten av julegåva skulle innehalde ;-)



Oppskrift: Ribbestrikket lue
Pinne: 4
Garn: Drops Karisma, litt over eit nøste på kvar
Dusk frå Marte Helgetun, farge Mørk ulv, størrelse small

søndag 4. desember 2011

Søndagsfavorittar: Hals

Andre søndag i advent, og eg feirar likesågodt med ei ny "spalte" på bloggen min: favorittoppskrifter! Sidan det altså nærmar seg jul, og eg er i full gong med julepresangar, vil eg dele nokre av dei mange fine oppskriftene eg fann på hals, eller cowl, som det jo heiter på engelsk. Den første er på pinnane as we speak! Trykk på biletet for å komme til oppskrifta. Enkelte er ravelry-linkar, det vil altså seie at du må ha brukar der for å kunne finne oppskrifta (dette er gratis) :-)