Eg er ei slik ei som er konstant kald på beina. Til gjengjeld er eg alltid varm på henda, men det er ei anna historie. Eg bruker tjokkelubbar/labbar/lester/ullsokkar (kjært barn har mange navn...?) sumar som vinter. Derfor tenkte eg at det var ein god idé å spandere på seg eit par skikkelege sokkar, type ikkje-bruke-utav-huset-fordi-dei-er-så-tjukke-og-ikkje-minst-fine-sokkar ;)
Desse herlige her vart strikka etter ei oppskrift på Garnstudio, og eg fekk prøva meg på å strikka "bobler" for første gong, noko som slett ikkje var så vanskeleg som eg hadde trudd.
Dei har vært i bruk nesten kvar dag sidan dei var ferdig, noko som vises på alle kattehåra som heng seg fast rundtomkring på sokkane. Perser og trekke-til-seg-støv-ull er dårleg kombinasjon. Men pyttsann, ingenting som ikkje kan støvsugast bort med jamne mellomrom ;)
No er det laurdagskveld i heimen, eg skal nyte roen med strikketøy i henda og varme på beina. Og, ja, for ikkje å gløyme, denne herlege retten (som mannen diska saman i all hemmeleghet, flinkingen) skal også nytast :) God helg!
Oppskrift: "Drops sokker med fletter"
Pinnar: nr 8
Garn: Sandnes garn Easy
Jeg valgte
for 2 uker siden
Så morsomt mønster, det likte jeg.
SvarSlettlilla så klart ;)
SvarSlettdei va skikkelig fine! :D
Så flotte og artige sokker! Det er viktig å holde seg varm på bena!! :)
SvarSlettGod søndag til deg!
Disse sokkene så utrolig varme og deilige ut. Også i lilla da *dåne*
SvarSlett