fredag 16. juli 2010

Laaaang pause, gitt!

Meir eller mindre ufrivilleg. April og mai gjekk bort i eksamen - lesing, skriving, pugging, og lite strikking. Så kom sumaren, og bloggen blei litt gløymt. Slik er det ;)
Har strikka eit par prosjekt sidan sist, blant anna denne søte saken frå Tora Frøseth.































Tora Frøseth lagar slike fine oppskrifter til søte småttisar, og denne er ingen unntak. Kan absolutt anbefale hennar oppskrifter, dei er lett forståelege og gir fine sluttresultat (utan at eg skal skryte alt for mykje av mine eigne strikkeeigenskapar) ;)

Garn: Inka Alpakka (gåve frå ei god venninne)
Pinner: rundpinne nr 3
Oppskrift: Magda av Tora Frøseth 

Ein topp med eit nostalgisk preg, syntes det var litt sånn retropreg over mønsteret. Og for ein glede dette var å strikke! Klarte knapt å legge det frå meg. Toppen skulle jo eigentleg bli ein kjole, men garnet sprang frå meg, gitt (enda eg strikka så det rauk av pinnane mot slutten). Syns i grunn ikkje det gjorde noko, så blir det eit plagg ein kan bruka både til skjørt og bukse.

Kjekt mønster å strikke, oppskrifta var lett å forstå, med enkle repetisjonar. Eg sluttar aldri å bli imponert over folk som klarar å komponere slike fine mønster! Det som verkeleg gjorde toppen/kjolen ekstra spesiell var dei søte puffarmane.






Eg trur eg har funne ein ny favoritt i garnet, har aldri strikka med det før, men det var mjukt og godt, og fint å strikke med. Minna i grunn litt om Drops sin alpakkatråd, men det er vel ørlite grann tynnare om eg ikkje tar heilt feil. Uansett, eit fint garn (så tusen takk Ane Victoria, du er best!)































Minien var ikkje særleg interessert i å legge seg ned slik at ho mor kunne ta bilete av toppen framme. Forstår ho jo godt, har endeleg klart å reise seg og så skal ho ned på golvet igjen? Mor kan være ganske rar. Det er iallfall ein knapp framme, skulle gjerne hatt ein meir dekorativ knapp, men ein perlemorknapp var alt som fantes i huset på det tidspunktet - og man tager hva man haver ;)


4 kommentarer:

  1. Så fin den ble! Og tusen takk for alle søte ord, jeg er glad du likte å strikke den! :-)

    SvarSlett
  2. Så gøy å se ett innlegg fra deg! Har savnet det! Nydelig tunika til vesla!!:)

    SvarSlett
  3. Veldig søt og hyggeleg å sjå dei fine bilda dine.

    SvarSlett
  4. Så kjekt å høyre, takk for søte kommentarar! :)

    SvarSlett