tysdag 20. juli 2010

Korleis få sola til å skinne på ein gråværsdag...


Kjøpe nytt garn, såklart! Deilig, mjukt alpakkagarn. Lykke!

Ekstra kjekt er det sidan eg har vore på jakt etter det perfekte garnet til ein brudebolero (ja, eg skal gifte meg, tjoho!). Trur eg har funne det no, nemlig babyalpakka frå BC Garn (danskane kan det der med garn, har eg inntrykk av).

Utfordringa no er å finne det perfekte mønsteret. Har funne ein kraftig inspirasjon i denne, men her finnes diverre ingen oppskrift. Så no leitar eg litt etter eit liknande holmønster, som eg på eit vis kan bruke i ein slags bolero. Nokon som har forslag? Tek i mot alt med stor takksemd.

Får vente med morgondagen med å byrje å nøste saman hespene. Noko seier meg at om eg byrjar no blir det smått med nattesøvnen i natt, strikking kan verkeleg være altoppslukande ;-)

4 kommentarer:

  1. Så deilig å se at det ikke bare er jeg som lar dagen bli bedre av litt nyinnkjøpt garn! ;) Dette så kjempelekkert ut, og blir sikkert perfekt til en bryllupsbolero (gratulerer!!!)

    Takk for koselig besøk i bloggen min, det er morsomt å finne fram til nye bekjentskaper. Denne bloggen likte jeg (sååå mange fine ting du lager!), så jeg kommer garantert tilbake på besøk. Du er herved lagt inn i Bloglovin-listen min!

    ha en strålende fin onsdag!

    SvarSlett
  2. Å, det garnet ser herlig ut! Og med tanke på hva det skal brukes til, blir det jo bare enda bedre. Gratulerer så mye med kommende bryllup! :-)
    For en fin blogg du har! Masse nydelig strikk som inspirerer veldig.
    God helg!

    SvarSlett
  3. Har nettopp funne bloggen din, og let meg verkeleg imponere av alt du strikkar!!! For ein litt knødete nybyrjarstrikkar er det inspirerande å sjå alt alle andre får til!!! Men eg lurer på ein ting; korleis i alle dagar får du så flott heading på innleigga dine??? Eg siktar her til skrifttypen du brukar! Håper du har tid til å svare meg!!!

    Tove

    SvarSlett
  4. Tusen takk for fine kommentarar!

    Og hei Tove! Om du ser nede til høgre på bloggen min, står det ein liten grå knapp med "Fonts from". Trykk på den, så kjem du til ei side kalt Typekit. Registrer deg her, så finn du mange flotte fonter du kan bruke, gratis, på bloggen din ;-)

    SvarSlett