"Waaow..." sa mini 1 då eg kom heim med dette strømpegarnet...
"Du må strikke en lue til meg, kan du deeet?" Og eg som hadde ambisjonar om sprelske sokkar av det fargerike nøstet. Jaja, lue blei det, eg får bruke eit anna garn til sokkestrikkøvinga mi ;)
Fann fram den trofaste Nøstebarnboka, og strikka ei lettstrikka og rask lue derifrå. Strikka i dobbel tråd, for at den skal være litt lun mot vinden, og halde fasongen greit.
Dusk har eg ikkje laga si barneskulen, og det einaste minnet eg har frå den seansen var at tålmoda tok slutt og dusken vart aldri ferdig. Måtte difor friske opp kunnskapane litt, og fann ei grei oppskrift på korleis ein dusk blir til
her. Eg skjønte raskt fort kvifor tålmoda tok slutt den gong i formingstimen på barneskulen, snurring av tråd rundt to pappskiver kan bli nokså keisamt... Men, morsom detalj på lua likevel ;)
Dusken er imidlertid tatt av igjen no, etter klage frå minien om at lua var for baktung. Eg klarte heldigvis skjule skuffelsen min ;)
Tråd: Strømpegarn frå Europris og Baby Merino Ull frå Nille, Babyull frå Stoff og Stil til dusk og hekla kant
Pinne: 4
Oppskrift:
Nøstebarn