tysdag 8. mars 2011

Godt nyttår!

Jada, so var eg også i gong med det nye året! Sjølv om det har vart ei stund no så har liksom bloggen blitt litt nedprioritert. Men slik blir det vel fra tid til annan. Uansett, tenkte å vise dei to julepresangane som var heimelaga i fjor (gledar meg til desember blir ein månad uten hektisk eksamensstress, slik at eg kan bruke seinhausten på å kose meg med heimespøta presangar) ;) Temaet i fjor vart visst vottar, til to av mine næraste venninner.

Eg hadde i fjor sumar gleda av å byrje på bøkene i Twilight-sagaen, og sjølv om eg ikkje såg den første filmen i serien før eit par dagar sidan, har eg plukka opp at vottane hovedkarakteren Bella brukte i den første filmen altså er ein stor hit rundtom i den vidstrakte Internett-verda.
































Ein fryd å strikke, og eg vart so nøgd med resultatet at eg helst ville hatt dei sjølv. Så, eg får vel berre ta pinnane fatt og begynne på eit par til meg sjølv også (sidan snøen ikkje vil gi seg så er me vel framleis i ei vottetrengd årstid) ;)



Desse strikka eg i Viking Naturgarn, eit litt "stikkete" garn, diverre, så eg trur ikkje det blir noko meir strikk med dette garnet, sidan eg har angst for plagg som klør ;) Garnet var litt for tjukt i forhold til oppskrifta, så måtte rekne om slik at det passa med strikkefasthet og det heile. Herligheten vart strikka på pinne 8 (!), til bestemors store undring (som sjeldan strikkar på noko tjukkare enn pinne 2,5, vil eg tru). Men, tjukke pinnar = raskt ferdig! ;)



Oppskrift: "Bella's mittens"
Garn: Viking Naturgarn
Pinner: 8

Det andre paret blei til med Dale Freestyle, etter ei oppskrift som også var veldig kjekk, og rask, å strikke.
































Vottar er jaggu kjekt å strikke! Har aldri prøvd meg på dette tidlegare, men det ga meirsmak. Sånn sett er det greit med lange vintrar ;) Ironisk nok manglar eg vottar sjølv... Men kva er det ein seier om skomakerens born? Eller noko i den duren.



















Oppskrift: "Citadel mittens"
Garn: Freestyle
Pinnar: 4

Follow my blog with bloglovin

8 kommentarer:

  1. Ser mange har laget "Bella" vottene. Må vel prøve dem jeg også en dag.

    Ønsker deg en fin kveld videre
    Klem

    SvarSlett
  2. Ooh, så fine dei va!
    tjukke pinna e kjekt ;)

    SvarSlett
  3. Åh, Bella-vottar er så fint! For ein fin farge du hadde valgt :)Eg berre MÅ strikke desse snart, men har aldri fletta før, så det kan vel bli ein utfordring :P

    SvarSlett
  4. Fletter ser avansert ut, men er eigentleg veldig enkelt å strikke, så det klarar du fint! :)

    SvarSlett
  5. Hei! Så fine votter. Bella vottene er jo alltid like fine, men jeg må si jeg likte de grå vottene her veldig godt!!! Vet du om det finnes oppskrift på norsk?? Har aldri strikket etter engelsk mønster. Slenger meg på bloggen din jeg, her var mye fin inspirasjon!
    :)

    SvarSlett
  6. Så fine votter! Du kunne ikke tenke deg å oversette oppskriften da? Har ikke helt satt meg inn i de engelske strikkeorda enda, må holde tunga rett i munn på de norske oppskriftene! Hehe..

    SvarSlett
  7. Det kan eg nok, men bør vel i sofall ta kontakt med den som har laga oppskrifta først.
    Eg kan imidlertid anbefale ei engelsk-norsk strikkeordliste, når du har ei slik for hand så gjer det engelske oppskrifter hakket betre! http://www.strikkeoppskrift.com/engelske-ord-og-uttrykk :)

    SvarSlett