onsdag 3. november 2010

Bryllupsbolero

Her kjem bileter av den heilt enkle boleroen eg strikka til bryllupet mitt i august. Dagen var strålande, både innholdsmessig, og værmessig, så boleroen blei ikkje så mykje brukt, men eg var såpass stolt over kreasjonen at eg måtte jo ha den på meg under vigselen. (Og ja, eg er totalt på gråten på biletet nedanfor) ;)



Boleroen er strikka etter ei oppskrift basert på Pickles sin "Annas bryllupsbolero". Eg valte å strikke denne i glattstrikk, eg ikkje syns perlestrikk gjorde seg så fint med denne tråden. Garnet var forøvrig heilt herleg å strikka med, så utruleg mjukt og godt (kan sikkert egna seg godt til babyteppe, for eksempel). Valte å la kantane på boleroen "rulla" seg oppover, syns det ga ein enkel, men fin effekt.


Det eg var særs nøgd med på boleroen var korleis ryggen passa til kjolen, som hadde ein "drapert" eller rynka effekt bakpå beltet. Kjolen er forresten sydd av mi vakre mor, som er opphavet til mi kreative interesse :)































Må også vise detaljen på min flotte kjole, ti lag med tyll, der dei seks nederste var pynta med ulike lilla silkeband. Å, kor eg elska den kjolen! :)



Garn: Babyalpakka, frå BC Garn
Pinner: nr 3 1/2
Oppskrift: Basert på teknikken brukt i Annas bryllupsbolero, men med anna maskeantal (er jo brukt ein heil del tynnare tråd) og glattstrikk istadanfor perlestrikk

10 kommentarer:

  1. Nydelig brud, kjole, bolero og blomsterbukett!

    SvarSlett
  2. Utrolig vakkert, alt sammen! Og boleroen passet jo perfekt!

    SvarSlett
  3. NYDELIGE bilder av en fantastisk flott brud, jeg ble nesten rørt her jeg sitter! Du var flott, og alt utstyret var perfekt sammen. Så gøy å kunne bruke noe egenlaget på sin egen bryllupsdag, og denne boleroen passet jo bare perfekt til kjolen og alt. Åhhhhhh! *sukk*

    SvarSlett
  4. Nyyydelig! Og så utrolig flott kjole på deg! Gratulerer !

    SvarSlett
  5. Så koseleg blogg du har - du lagar så mykje fint! Og så nydeleg du var som brud! Fantastisk kjole!

    SvarSlett
  6. Hei. Ser du har mye tynnere garn enn oppskriften på pickles, og syns din variant er finest. Hvilket garn har du brukt, og måtte du endre mye på oppskriften pga garntykkelsen?
    HM

    SvarSlett
  7. Oh lala....!! For ei fantastisk nydeleg brud!! Og for ein god idè å strikke seg ein bolero til sin eigen brudekjole. Vakker var du! (og skikkelig dyktig mor som har sydd den flotte kjolen!).

    SvarSlett