fredag 12. februar 2010

På pinnen: Japansk vest til baby

Garn: Nøstebarns 2-tråds Merino lammeull
Pinnestr: nr 3
Str: Ca 1 år
Oppskrift: witch's knitting room

Hadde eit grønt hespe med Nøstebarn sitt merino garn liggandes, og sidan det garnet er altfor godt til å ligge i skapet, måtte eg finne meg noko å strikke av det. Kom over ein søt vest då eg leita gjennom oppskrifter på Ravelry. Den er laga av ei dame i Japan, oversatt til engelsk (bra, sidan japansken min er litt rusten, ha ha).

Oppskrifta har ingen fast størrelse, litt finurleg, men du kan justere størrelsen etter strikkefastheita. Eg har komen fram til at med Nøstebarn-garnet og pinne nr 3, blir det ca størrelse 1 år. Perfekt til mini nr 2!

Sidan eg vil ha vesten meir som ein tunika, har eg valgt å strikke den rundt (i stadanfor åpning heilt ned, som ein korterma jakke, slik det står i oppskrifta). Nederst vil eg ha ribbekant, med splitt i sidene. Gledar meg til å få den på prinsessa!

2 kommentarer:

  1. Så søte den va då!!
    Minte meg faktisk litt om den eg strikka te littlo, fra myk start :) De e jo knall goe på :) så skjønne godt at du gleda deg te å få den ferdig :) Knall søte baby sokka og foressten! ;) gleda meg te å sjå huo di ferdige :)
    Sjøl har eg jo IGJEN begynta på nytt prosjekt :O
    Har jo ein del pinna me arbeid på så burde ha vært ferdig.. meeeen! som du seie, viktig me litt forandring? :) hehe
    Klem!

    SvarSlett
  2. Ja, det er viktig med forandring ;)
    Litt usikker på korleis denne vesten blir men.. Me får gjera den ferdig å sjå! Skikkelig tv-strikketøy, berre rettstrikk så langt auga kan sjå ;)

    SvarSlett