Eg har
tidlegare uttrykt mi begeistring for
Tora Frøseth sine
oppskrifter, og her kjem nok ein populær favoritt.
"
Little sister's dress" (eller "Kjole til lillesøster") er ei herleg og enkel oppskrift som vert strikka ovenfra og ned. Bærestykket er originalt ein kombinasjon av rette og vrange omgonger, men eg valte denne gongen å strikka det i rillestrikk, sånn for variasjonens skuld.
Tråden er ymse restar av alpakka (av ulike merker), og strikkeskåpet er blitt litt alpakkagarn fattigare (ganske greit å få brukt opp slike smånøster som ligg rundtomkring) ;)
Kjolen er strikka på pinne 4. Veslesyster er kjempenøgd med plagget, ho seier "fii" (fin) og stryk seg på magen når ho får den på. Herlegt takksame jenter eg har ;)
Har strikka eit par slike kjolar tidlegare, denne lilla vart strikka til storesyster i si tid. Ho er no vokst utav den, og veslesyster er difor klar til å ta over (praktisk!). Strikka i Nøstebarn si
merinoull, på pinne 3,5.
Også denne vesle saken då. Denne vart brukt myyyykje. Strikka i Nøstebarn si
angoraull, og akk, så mjuk, varm og herleg. Det var som om veslesyster fekk ein indre ro (hihi) når ho fekk den på, ho sov og sov og sov ;) Dette garnet loar imidlertid ein god del i byrjinga, men dette "roar" seg etterkvart. Denne vart strikka på pinne 3.
(Sukk... Tenk at vesle babyen min blir 2 år på torsdag!)
Anbefalar verkeleg denne oppskrifta om du vil ha noko enkelt og fint å strikke (utan montering, hurra!). Ein av mine favorittar!
Garn: Ymse alpakka
Pinner: 4
Oppskrift:
Tora Frøseth "Little sister's dress"