torsdag 7. oktober 2010

Monsterbukse - sjokolademonster!

Strikka jo for ei tid tilbake ei monsterbukse, men viste aldri det ferdig resultatet. Her kjem bilete!
Hadde eigentleg planar om å sy augevipper på monsteret, og brodere ein liten muffins på framsida. Men det blei med ideen gitt.


 Monsteret lev glade dagar i barnehagen, der ho blir flittig brukt kvar dag!


Det rosa bandet i livet er bytta ut med ein meir praktisk strikk. Ikkje så dekorativt, men meir anvendeleg i ein hektisk kle-av-og-på-kvardag i barnehagen ;)
































Tråden nuppa seg litt etter bruk, veit ikkje om det kan vitne om litt dårleg kvalitet på garnet? Det er uansett ei varm og god bukse!



Eit kjekt prosjekt, og ei god oppskrift som eg kan anbefale i "jungelen" av monsterbukseoppskrifter ;) Har ei ny bukse på pinnane no, denne gongen ein meir maskulin versjon som skal leverast i treårsgåve til ein tantegut.

Garn: Babyull frå Europris, og Baby Merino frå Nille
Pinner: Rundpinne og strømpepinne nr 4
Oppskrift: Ordentlige bleier si monsterbukse

7 kommentarer:

  1. Så nydelig! Du e så flinke!! :)) gi meg samme motivasjon til å fullføra :p hehe :)) du skjønna ka eg meina ;))
    Glede meg te å sjå neste !! :))
    flinka jento mi <3
    Stooor klem fra meg :))

    SvarSlett
  2. Stilig monster. Dei står jo ofte med rumpa i været i den alderen så no har du nokon som "glefser" etter deg i eininga ;-)

    SvarSlett
  3. HERLIG!! Rett og slett! Og, de tøflene i forrige innlegg ser skikkelig artige ut! Kanskje jeg også må prøve meg på disse:)

    SvarSlett
  4. Ja enig med Veronica, rett og slett Herlig!!!

    SvarSlett
  5. Strikka du inn tenner og auger, eller er du så flink å brodere på....:-)

    SvarSlett
  6. Vera ;-)
    Jeg får ikke opp oppskriften på monsterbuksa! Krise, er halvveis. Kan du sende meg oppskriften? Camilla.stokke@gmail.com
    Takk!!!

    SvarSlett