tysdag 25. desember 2012

Julegåve til meg sjølv...

Eg har ikkje strikka så mange julegåver i år - det vart to litt større (blogginnlegg kjem). Eg har jo etterkvart innsett at eg berre er ei slik som har mange prosjekt på gong samtidig - trur det er noko med variasjonen eg treng. Derfor blei det altså slik at innimellom strikking av julegåver, så produserte eg ei lita gåve også til meg sjølv ;-)

Møt The Lonely Tree shawl!



Oppskrifta fann eg på Ravelry, og når du ser bileta designeren har tatt så skjøner du sikkert kvifor eg fall for denne oppskrifta. Skikkelig inspirerande!




Som eg skriv på mi Ravelry prosjektside, eit "lace"-prosjekt i tjukt garn - det kan eg like! Garnet eg har brukt er Artesano Aran, ei blanding mellom alpakka og ull.





Syns det blei eit enkelt og fint sjal - det einaste eg ikkje vart heilt nøgd med var kanten, skulle eg gjort det om igjen ville eg hatt "tutane" litt tettare, dei blei ikkje så spisse og fine som i oppskrifta. Men, ikkje noko eg gidder å rekke opp for å gjere om igjen, så det får berre være ;-)




Så:
Oppskrift: The Lonely Tree Shawl (finnes kun på Ravelry - men er gratis!)
Pinner: 5.5 
Garn: Artesano Aran, usikker på eksakt mengde, muligens 2.5 hesper.


Håper alle der ute i bloggverda har ei fredfull og fin juletid! :-)