fredag 20. januar 2012

Bo-bo-boblekjole til storesøster

Då favorittane i Pickles kom med ei ny oppskrift på kjole, falt eg nettså litt pladask. Så søt og så enkel!
Enkel boblekjole, rett og slett. Garnlageret mitt har vokse litt etter ymse reising i haust, og på Tjorven hadde dei Rowan feltet tweed på salg (i ein nydeleg støvete rosafarge med litt "spett" i).


Så storesøster har no fått seg ny kjole (eller tunika), i størrelse 5/6 år (dog litt lenger enn kva som står i oppskrifta). Ho er som alltid veldig takksam, og ville straks og med ein gong ha på seg det nye plagget (hadde såvidt fått festa siste tråden) ;-)






Ei heilt herleg enkel oppskrift å strikke - skikkelig tv-strikk (altså mykje glattstrikk - rundt og rundt og rundt). Anbefales!

Oppskrift: Pickles Enkel boblekjole 
Pinne: nr 5
Garn: Rowan felted tweed, 2 nøster

måndag 16. januar 2012

O jul med din glede

Det blei eit knippe julegåver i år. Hadde store planar (første år utan eksamensspøkelset hengande over meg) - men trur all tida gjekk til hovudet på meg (Du veit, når du tenker at du har sååå god tid? Og så endar du opp med å ikkje bruke den gode tida i det heile. Noko i den duren).

Men eit par-tre blei det lell:

Julegåve til ei av mine næraste venner. Hals frå Stitch Nation, strikka i mjukt Fumato, kjøpt på Tjorven garn i Oslo (ein butikk som anbefales om du i Majorstua-trakter!).






Oppskrift: Infinity Trinity: Cowl & Mitts, la opp 60 m framfor 40 som står i oppskrifta, så felta med perlestrikk blei litt større (og dermed også halsen litt breiare)
Pinne: 4 1/2
Garn: Fumato frå Lana Grossa, pluss ein glittertråd i gull for litt glitrande (knis!) effekt :-)

Julegåve til to nieser (eller tantungar, som eg jo eigentleg seier). Desse populære luene med pelsdusk, strikka etter oppskrift hos Tjorven garn. Raske og lettstrikka! Den rosa i str 6-8 år, den lilla str 8-10 (og dermed litt stor til den søte modellen min). Strikka i Drops karisma.




Sidan eg ikkje er så glad i bruken av pels, styrte eg litt med å finne fuskepelsduskar. Fann heldigvis til slutt - hos Marte Helgetun. Dei var kjempefine, og eg er så nøgd med prikken over i-en!

Må jo også legge til at når den eine niesa ønska seg eiga korg med strikketøy i til jul, vart strikketanta varm om hjarta, og ikkje i tvil om kva resten av julegåva skulle innehalde ;-)



Oppskrift: Ribbestrikket lue
Pinne: 4
Garn: Drops Karisma, litt over eit nøste på kvar
Dusk frå Marte Helgetun, farge Mørk ulv, størrelse small