tysdag 4. oktober 2011

Nok ein gong: Eg elskar hausten!

Har nok sagt det før. Men syns hausten er så fin altså! Mørke innekveldar med regn som bankar på vindauget mens stearinljosa varmar inne, strikketøyet er godt plassert mellom henda, og det er rett og slett berre kos. (Joda, eg blir lei regn, vind og surt klima eg óg altså, men når eg no har valt å busetja meg i vestlandets hovudstad, så må eg jo berre gjera det aller beste ut av det) ;-) Og så er det jo så mange fine strikkeplagg i butikkane om hausten! Har, som sikkert mange andre strikkarar der ute, gått til innkjøp av det nye handarbeidsbladet "Made by me," og må sei at det fenga meg!

Bladet er spekka fullt av inspirasjon, spesielt godt likte eg "Strikk trendy designermote"-oppskriftene, der det rett og slett er henta inspirasjon frå "catwalken." Fiffig! Om du ikkje har bladd i dette allereie, så anbefaler eg det! Iallefall om du likar litt trendy strikk. Litt stiv pris på bladet kanskje, 169 kr, men samstundes er det jo mykje oppskrifter her då. Kjem vel litt an på korleis ein ser på det. For meg var det verdt pengane!
































Så, i kveld er det kos med strikketøy, litt sjokolade og tv som durar i bakgrunnen. Held for tida på med eit heilt enkelt, nytt teppe til vesle kråkebolla. Me var nemlig så uheldig å miste det forrige koseteppet på bussen. Tragedien var total då eg ikkje skjønte før etter bussen hadde lukka dørene og kjørt avgarde at når ho grein "mor hjeppa mæj," så betydde dette at ho faktisk ville ha hjelp til å hente teppet som hadde falt utav vogna. "Peppe! Bussen! Peppe!" (fekk litt "Rädda Joppe, död eller levande"-assosiasjoner til det heile). Så no går ho rundt med ei lita reserveløysning til teppe ;-)

I anledning litt kaldare tider, passar det gjerne å vise nettopp kråkebolla i sitt nyaste plagg: "Top-down Baby and Children Cable Yoke Jacket"
































Hurramegrundt, kor evig glad eg er for at eg bestemte meg for å strikke denne! For ei fantastisk oppskrift, eit fantastisk garn, og fantastisk plagg! Eg er kjempenøgd (om det er lov å sei sjølv? Ja, det syns eg) ;-)




































Jakken er strikka i Drops sin Nepal, som er ei blanding mellom ull og alpakka. Viss du likar å strikke med tjukt garn, så anbefaler eg dette. Gir eit jamnt og godt resultat, og er ein fryd å strikke med.





































Oppskrift: Cotton & Cloud, sjå også Ravelry, om du er der :-)
Garn: Drops Nepal
Pinnar: 5 og 4.5