laurdag 21. mai 2011

Babysvøbet - Det hele kongerige

Kanskje de har fått det med dykk, dette teppet som den danske kronprinsesse Mary har hatt både til dei nye tvillingane og babyen som kom før (avslører glatt at eg ikkje har heilt kontrollen på om det var gut eller jente, det danske kongehuset er ikkje øverst på kunnskapslista mi) ;)
































"Mysterieprosjektet" som eg nevnte såvidt før påske er no ferdig, og overlevert til mi gode venninne som fekk sin vesle gut no i midten av mai.


Som eg skreiv tidlegare, så fanga dette verkeleg min fascinasjon. Ein sann fryd å strikke, dette her, rett og slett! Har tidlegare hatt så lyst å prøve meg på det, men vegra meg, sidan det ser jo frykteleg avansert ut. Kan berre seie med ein gong, at skinnet bedrar! Det var verkeleg ikkje vanskeleg i det heile. Vil tørre å påstå at dersom ein kan strikke rette masker, kaste og strikke to i saman, så har ein eit godt utgangspunkt. Hjelper sjølvsagt på med ein dose tolmod og evnen til å ikkje bli overvelma av store oppskrifter med mykje beskrivelsar ;)



Ein byrjar på same måten som Nøstebarnteppet (Mor Signes babyteppe), dersom det verkar kjent. Altså, legg opp tre masker og aukar derifrå. Einaste forskjellen er at ein byrjar kvar omgang med eit kast, som resulterer i små løkker langs kanten (viser såvidt på biletet over). Desse blir grunnlag for masker til "havskum"-kanten rundt, denne blir strikka fire ganger (altså langs kvar kant), og sydd saman til slutt med såkalla heksesting. Før syinga strikkar ein imidlertid blondekanten, som vert strikka på "langs" rundt heile teppe.
















































Teppet vart strikka i Nøstebarn si merinoull-silke blanding, og resultatet vart så mjukt. Eg er kjempenøgd! Det vart imidlertid litt tungt (teppet er jo rimeleg svært), nok på grunn av silken, men håpar det ikkje gjer mottakaren så mykje. Det gjekk med litt over to hesper til prosjektet, heldigvis sel Nøstebarn halve hesper.




















































Teppet måtte sendast i posten, sidan mottakaren bur på ein litt anna plass, og eg sit låst med oppgåveskriving (keisamt), så bobleplast og posteske vart kjøpt inn. Komisk nok å pakke inn eit teppe i bobleplast, men kunne jo ikkje risikere at trådar blei dratt laus og liggande igjen ein plass på strekninga ;)
Fekk forresten nydeleg takkemelding av mottakaren, så eg er godt nøgd :) 

























Oppskrift:
Det finnes eit par, både på dansk og engelsk (der den engelske er originalen, og den danske oversettelsen). Eg fulgte den engelske, syns den var grei å følge, med forklarande bilete av prosessen. Og så har du den danske, publisert i bladet "Ude og hjemme", og denne var heilt grusom å følge, sidan dei ikkje har skilt med linjeskift i teksten, slik at alle omgangane kjem etter kvarandre på same linje. Her er det heldigvis laga ein litt betre versjon av same oppskrifta.
Så: Engelsk og dansk

Dersom du er på Ravelry, ta også ein kikk på dei mange teppa som er strikka i denne oppskrifta. Mykje fint! :)

Garn: Nøstebarn Silke-ull, litt meir enn to hesper
Pinner: 4,5

23 kommentarer:

  1. Så fint! Det ser jeg det er mye jobb på!

    SvarSlett
  2. For et fantastisk nydelig teppe! Dette ligger nå øverst på listen over favorittbabytepper!!
    :)

    SvarSlett
  3. Ikke bare vakkert håndverk, men også veldig vakkert fotografert. Håper mottageren setter pris på arbeidet!

    SvarSlett
  4. Tusen takk! Ja, ho blei kjempeglad, og då er eg glad :)
    Det er ei flott oppskrift!

    SvarSlett
  5. Det teppet er nydelig! og bøyer meg i støvet for tålmodigheten, jeg er ikke en teppestrikker, og er imponert over de som orker!

    SvarSlett
  6. Dette var nydelig:) Har sett på mønsteret tidligere, har så lyst til å strikke det i gave til en liten som er ventet nå snart. Mammaen til den lille er student i København for tiden, så det hadde jo passet så bra:) Kan jeg spørre hvor lang tid du brukte på det?

    SvarSlett
  7. Ja, det er ei veldig kjekk gåve å gi, det ligg jo mykje kjærleik bak kvar maske ;)
    Eg brukte vel ein litan måned på det, då strikka eg ikkje veldig intensivt, men litt om kveldane framfor tven ;)

    SvarSlett
  8. oh my wows!

    et aldeles nyyydelig teppe. for et fantastisk arbeid!

    SvarSlett
  9. Nydelig resultat!

    SvarSlett
  10. guuuh, så fint! du e så fliiiink! :D

    SvarSlett
  11. Dette er det finaste eg har sett på lenge! Så fint du strikkar!
    Eg får lyst å prøva eg og, men den ser som du seier vanskeleg ut! Kor stort vart det ca?
    Ha ein fin dag!

    SvarSlett
  12. Aldeles nydelig! Godt jobbet! :)

    SvarSlett
  13. For en herlig blogg du har, og det teppet var bare NYDELIG.

    jeg har brukt lang tid her inne, så nå skal jeg legge meg til som følger hos deg og bare glede meg til neste innlegg fra deg.

    Regner med mottaker av teppet blir storfornøyd. Du har jo strikket et riktig arvestykke.

    SvarSlett
  14. Imponert!! No vart eg nesten overbevist til å prøve sjølv (sidan du skreiv at det ikkje var så vanskeleg). Har strikka havskum-mønster før, men på heile teppet, og ikkje slik rundt kantane.

    SvarSlett
  15. Hei!! For et fantastisk teppe du har strikket!! Jeg la merke til det da den kongelige damen forlot klinikken, men det var først nå jeg fant ut at det finnes på nettet!! Så flott at du deler!! Jeg er også glad bruker av Ravelry og kan sitte lenge å glo der!! Flott inspirasjonskilde!! Nå skal jeg se litt nøyere på bloggen din!! Alltid gøy å finne noen nye som fenger!! AnneK:-)

    SvarSlett
  16. Wow, dette var eit absolutt nydeleg pledd!! No vart eg inspirert.

    SvarSlett
  17. Så fantastisk fint teppe! Jeg har siklet på det lenge selv, men alltid trodd at det var for vanskelig å lage. Men når jeg så innlegget ditt hvor du sa at det ikke var så vanskelig så kjøpte jeg garn og satte i gang. Og det er jo faktisk ikke så komplisert! Ta gjerne en titt innom bloggen min: http://etstrikkehjem.blogspot.com/

    SvarSlett
  18. For et utrolig nydelig babyteppe! Og for en fantastisk barselgave å motta! Heldig liten gutt og nybakt mor. Kanskje hun kan bruke teppet som sjal eller kast når gutten vokser fra det? For nydelig til å legge bort på vent!

    SvarSlett
  19. Først vil jeg bare si at jeg bloggen er veldig flott og inspirerende! Mange flotte bilder, og jeg beundrer strikkeferdighetene dine.
    Jeg har lenge villet strikke dette teppe, men har bare kommet over oppskrifter på dansk. De oppskriftene jeg har kommet over opplever jeg som veldig rotete og uoversiktlige. Ser du har lagt ut en link til oppskriften på engelsk, men denne er ikke lengre i bruk. Lurer derfor på om du har den liggende, den engelske versjonen altså ?
    Jeg hadde blitt utrolig glad om du kunne sendt den på mail til meg dersom du har den. :)
    Krina_91@hotmail.com

    SvarSlett