fredag 10. desember 2010

Ein (lite produktiv) månad sidan sist...

Og eg har endeleg juleferie! Endeleg, høyres kanskje litt absurd ut, med tanke på at det er tidleg desember. Men etter den mest hektiske eksamensperioden nokonsinne, seier eg meg lykkeleg over den tidlege ferien min. Har hatt ferie i fire dagar allereie, og er redd dagane skal fyke utan eg får noko gjort. Men strikking skal det bli tid til!

Sjølv om eksamensperioden har vore hektisk, har eg fått kobla av innimellom med litt strikking. Strikka jo babytøflar og vottar tidligare i vinter til ein bitteliten baby (som forøvrig viste seg å være for store, og eg som syntes dei var sååå små?) ;) Uansett, mora etterlyste varme ullplagg til vesle poden sin, sidan små prematurklær viste seg å vera vanskeleg å få tak i. Eg tok oppdraget med glede, og strikka denne bodyen innimellom eksamensslaga.


Oppskrifta er frå boka Myk Start, og dette er ein herleg "voksebody" som veks med babyen.
































Eg hugsa då eg fekk førsteminien min, kor eg strevde med å få plagga "over hovudet" på den vesle beibissen. Eg var difor veldig glad i slike omslagsklede, og tenkte difor at dette var eit rett val også for den vesle guten.


















Garnvalet falt naturleg på Nøstebarn si merinoull. Dette er ubehandla ull, som er god å ha innerst mot kroppen og varmar godt. I tillegg er den veldig drøy, så her kan me få fleire ullplagg (har planar om ei bukse i tillegg, nemlig) :)



Eg er veldig spent på om bodyen passar, eg syns den såg veldig liten ut, men har jo ikkje sett den vesle i røynda, så måtte fram med den gamle babydukka mi "Håvard" (oppkalla etter eit søskenbarn som vart fødd same året) :)
































Garn: Nøstebarn merinoull
Pinner: 2,5 og 3
Oppskrift: Boka "Myk Start"

9 kommentarer:

  1. Kjempenydelig! Helt sikker på at denne blir godt brukt:) Så du liker Nøstebarngarnet? Mange som sier det er bra selv om jeg er litt skeptisk... Kanskje jeg skal gi det et forsøk til:) Ha ei god helg!

    SvarSlett
  2. flott Marte:):) klem:)

    SvarSlett
  3. Takk! Har fått melding frå mottakaren no, ho var nøgd, og det er jo veldig kjekt å høyre :)

    Eg likar veldig godt Nøstebarngarnet, er ein soleklar favoritt her i gården. Syns det er godt å strikke med, og plagga vert mjuke og gode (sjølv om tråden kan verka litt stiv) :)
    Kva som gjer at ikkje du er så glad i det?

    SvarSlett
  4. Så nydelig body. Og for en kjekk blogg du har! Jeg har lagt meg til som følger :)

    SvarSlett
  5. yndig!

    eg glede meg te strikkedate ein gong elle tre i dei kommande vekene Ü

    SvarSlett
  6. Du har laget mye fint.
    ser fram til å følge deg videre.

    Ønsker deg en fin helg:-)

    Hilsen Barbro

    SvarSlett
  7. Kjempefin blogg! Jeg følger deg videre :) Den bodyen er superdeilig! Snuppa mi fikk en slik av tanta si da hun ble født.

    Og her i gården har vi visst ikke annet en nøstebarngarn (soleklar favoritt!)

    Ha en fin dag!

    SvarSlett
  8. Nydelig body! Praktisk med omslag og ribb.

    SvarSlett