tysdag 5. oktober 2010

Garn på veg i posten!

Frå Hifa! Nokon som har prøvd deira garn?
Fann den søtaste oppskrifta der, "Lillefot"-tøflar. Gledar meg til å sette i gong med den!





















Og fargar? Lilla sjølvsagt! Nærare bestemt mørk lilla og denne litt lysare (kanskje litt meir rosa den siste der...).

I dag var eg på Ull-Rik butikken, der er det opphørssal. Dei skal satse på nettbutikk, kunne dama som sto der fortelle meg. Spanande! Ull er gull, så eg gjekk ut derifrå med ei ulltrøye til mini nr 1, og littegrann garn frå Dale. Planen er ein genser, av eit eller anna slag ;)

Elles held eg på med ein babyjakke, og hals, og sokkar, og... Puh... Korti skal eg lære meg å gjere ferdig eit prosjekt før eg startar på eit nytt? ;) Uansett, bileter kjem! No er det tilbake til studiene, ikkje nett like freistandes som strikkepinnane men. Det må til, skal eg få meg jobb og pengar til alt dette garnet eg kjøper ;)

4 kommentarer:

  1. Å korti ska du ha tid til å lese kjære Marte?! Må ej ver strenge-Lisa no?
    (Ka skjedde me nasevarmeren min forresten? ;))

    SvarSlett
  2. Garn fra HIfa er kjempebra;)) Har strikket masse, masse av deres superwash 4 -trådet. Og de har masse flotte farver :)) Lykke til med strikkinga.

    SvarSlett
  3. Uff ja, Lisa, eg trur du må være streng.. Eg har ikkje sjølvdisiplin ;)
    Nasevarmar skal eg fikse! Kva farge? ;)

    Takk for det Anna, gledar meg til å prøve nytt garn!

    SvarSlett