måndag 4. juni 2012

Bloggtørke...

Men ikkje strikketørke, nei nei!
Berre manglar litt blogg...ikkje inspirasjon, for det får eg masse av på Strikkeblogger... Men bloggdriv? Ja, bloggdriv trur eg.

Apropos Strikkeblogger, så må eg fortsatt seie - wow! Gøy! Heia alle fine strikkebloggarane der ute, seier berre eg :-)

I helga var eg og min vesle familie på Torgdag i Hillesvåg, nærare bestemt hos Hillesvåg ullvarefabrikk, folka bak nettbutikken ull.no.

Det var koseleg! Jentene fekk prøva seg på toving, me såg masse fint handarbeid (favoritten var luene strikka i 100% angora!), i tillegg til masse (sukk) fint garn. Eg liker verkeleg tanken på "kortreist garn," det må eg berre sei :-) Handla litt (berre litt). Størstejenta ville prøve seg på tøflar som ho skulle tova, så rosa Trollgarn måtte til, mens eg handla litt Ask, berre fordi dei nye fargane er så fine.

Kremt. Eg må offisielt ha eitt til strikkeskåp.