søndag 1. april 2012

Marius!

Ja, så heiv eg meg på bølga eg også.




Hadde noko Drops Alpakka liggande (flaks for meg!), som de ser på fargane så skjønner de sikkert at dette var eigentleg planlagt kjolar til jentene av. Men pyttsann, kva er vel livet utan litt egosentrisitet? ;-) 



Eg er iallefall kjempenøgd med fargane. Og nøgd med at eg fullførte. Var på nippet til å gi opp, for det stykket før mønsteret tok til var verkeleg laaaaangdrygt. Endo eg strikka den kortare enn oppskrifta (sidan eg stort sett er kortare enn dei fleste oppskrifter) ;-)


Fellte ein god del meir enn det som sto i oppskrifta på halsfellinga. Den første versjonen vart kjempevid, og det har eg inntrykk av at fleire har erfart. Endra også litt på oppskrifta i forhold til aukinga på armane, etter tips frå Lisa då ho strikka sin Marius. Glad for det, for trur originaloppskrifta hadde blitt noko vid oppe! Men slike sånne små justeringar må vel til på dei fleste oppskrifter. Sånn sett er det lettare å strikka til born, ikkje så store "krav" til passformen ;-)

Men alt i alt, nøgd med Mariusen min! Passar jo ypperleg at eg skal på påskeferie til fjellet i år ;-)

Oppskrift: Sandnes Garn "Klassikere"
Pinner: 3 og 3 1/2
Garn: Drops Alpakka, 5 nøster av hovedfargen, 1 nøste kvar av kontrastfargane