måndag 5. mars 2012

Strikkelykke

På laurdag oppdaga eg (ved rein og skjær tilfeldighet) at det opna ein ny garnbutikk i Gågata her i Bergen by. Hurra! Hadde heldigvis ingen planar denne dagen, og måtte jo derfor ta turen innom for å sjekke dette ut. Det angra eg ikkje på! Kjempefin butikk, rett og slett. (Kom først på etterpå at eg jo er ein aktiv bloggar, og at eit bilete av den søte eigaren hadde jo kanskje gjort seg - men eit bilete av utsida får duge for denne gong).


Garnutval var Drops, Sandnes garn og Dale. Sånn sett ikkje så "revolusjonerande," men byen vår manglar fine garnbutikkar, så eg set iallefall pris på tilbudet. Mange fine modellar var også stilt ut (ein god del til vaksne - og det er jo litt "utradisjonelt" spør du meg, virkar som mange av garnbutikkane satsar på inspirerane barneplagg).

Eg handla jo sjølvsagt litt... Sokkegarn for stripete sokkar til jentene, pluss Eskimo garn som skal bli eit par tøflar til meg sjølv. Lykke!