søndag 26. februar 2012

Garn garn garn!

Først av alt må eg berre sei: "wow!!" (på godt norsk). Lanserte Strikkeblogger.no sånn offisielt på måndag, og oppslutningen har jo berre vore enorm. SÅ kjekt! Tusen, tusen takk! For alle positive kommentarar, innspel og ikkje minst bidrag. Dette er gøy!

Anna gøy: Eg har handla! Hurramegrundt! Blir alltid lika glad av å handla nytt garn (eigentleg å handla nye ting generelt) :-)

Eg begynner med det aller beste først (kvifor spare slikt til slutt?) ;-)
Nøstemaskin! Heilt sidan Lisa kjøpte seg ein på vår berømmelege Londontur her i fjor haust, har eg både vore misunneleg og angra på at ikkje eg kjøpte ein då (men, plassmangel er og blir plassmangel, uansett korleis ein vrir og vender på det). Så når eg no såg at Ull.no hadde ein slik ein så fann eg ut at den må eg jo berre ha (og når Mannen i tillegg sa "Ja, kjøp deg ein sånnein, ein sånn må du ha") så var eg totalt overbevist (er han lei av vera min gode hjelper i forbindelse med nøsting av hesper tru...?).


Handla jo litt garn óg då. 
Ull.no har nemlig fått nye fine fargar i garnet Ask. Dette har eg ikkje testa før, så eg fann meg ein garnkombinasjon og legg det inn i "Planer om å strikke..."-lista. Har nemlig planar om å strikke ei ribbestrikka bukse til minste minien, ei litt sånn fin ei, som kan brukast under skjørt og kjolar og slikt. Men, det får bli ei som skal brukast neste vinter. I dag har det jo vært vårstemning her i Bergen! Utrulig deilig, og ikkje minst etterlengta.



I tillegg har Mannen lagt inn bestilling på tynne sokkar i svart (gjesp). Bestilte derfor også eit hespe av superwash-garnet Hjerte, eitt i svart og eitt i mørk lilla (veit ikkje heilt kva eg skal bruke den siste til, men finn vel noko til det tenker eg). Sa til Mannen at det er slett ikkje sikkert at desse sokkane kjem til å halda så lenge, for relativt tynne sokkar i superwash av 100% ull - kor slitesterkt er det? Men det var visst ikkje så viktig meinte han, for tynne sokkar var det han ville ha! Og sidan han er superhelten min, får han det som han vil. Så får eg eventuelt strikka hælen med dobbelt garn eller noko :-)


Så no er strikkeskåpet blitt utvida. Det er ikkje lenger skåp i eintall, men fleirtall! Tenk så fint. Maaasse garn <3

måndag 20. februar 2012

Strikkeblogger - vil du bli med?

No vil eg dele mitt nyaste kreative prosjekt! :)

Eg bruker jo ein heil del tid på å surfa på ulike strikkeblogger rundtomkring. Har imidlertid sakna ein plass å raskt få tilgang til alle nye postar på dei ulike bloggane. Istadan for 70 faner bortover i nettlesaren (nokon som kjenner seg igjen...?:) ) har eg ønska meg èin plass som gir meg alle oppdateringane. Sååå, kvifor ikkje laga det då?

Møt strikkeblogger.no!


Målet med denne sida er å få samle mange fine norske strikkeblogger på ein stad, slik at ein kan gå her for å oppdatere seg og få inspirasjon. I tillegg til at lesarar skal kunne finne nye bloggpostar frå dei ulike strikkebloggene, er også tanken at medlemmene av Strikkeblogger skal få generert trafikk tilbake til sin blogg. Blant anna er kommentarfeltet stengt, slik at når ein velger linken "kommentere" så kjem ein rett inn til innlegget på originalbloggen. Min erfaring er at mange som er innom bloggane rundtomkring er flinke til å legge igjen kommentarar, så eg trur at dette kan bli ein fin effekt. I tillegg får kvar blogg som er medlem si "eiga" side, ein fin måte å presentere bloggen sin på!

Om du synes dette virkar spanande og har lyst til å bli med, gå inn og registrer strikkebloggen din då vel! :)

søndag 12. februar 2012

Hele verden strikker

- men - det gjelder å strikke riktig!

Når ei av dine næraste venninner jobbar på Fretex, ja då er du ganske heldig. Sjekk dette herlige strikkeheftet ho fann til meg! Retrolykke! "Alle kvinners strikkebok" til den nette sum av 2 kroner og 11 øre.






Her var det mange herlege oppskrifter, falt blant anna heilt pladask for denne søte drakten. 


Det beste med slike gamle oppskriftbøker er jo overskriftene og teksten. "Approbert av generalintendanten" for å innlede til eit par sider som gir oppskrifter av karakteren "Spesialmodeller - vel egnet til både krig og fred." Jo jo.




Denne Setesdalkofta synes eg var kjempefin fasong på, ein skikkeleg fin og feminin variant! Også oppskrift på gammeldagse Selbuvottar, med skinn inni, herlig! Dog beregna på "øvete strikkersker." Er vi det då, mon tru? ;)





Og så fine små beskjedar rundt om kring, som "Bruk metermål flittig under strikkingen, så slipper De ergrelser med å rekke op ......" Så sant, så sant!


150 modeller, til "stort og smått"! Som de sikkert forstår er eg kjempenøgd med denne gamle skatten. Ho som gav den til meg har allereie ønska seg ein modell i frå heftet, så det får bli mitt neste prosjekt :)


Ellers så har mini nr 1 tilbrakt store delar av helga med strikkepinnar i nevane. Blir det betre? Nei, for ei strikkemor trur eg nesten ikkje det :) Fin søndagskveld til alle i bloggverda!




måndag 6. februar 2012

Totoro, Totoro!


Kanskje nokre av dykk har fått den med seg, denne søte filmen "Min nabo Totoro"? Laga av den japanske anime-regissør Hayao Miyazaki (som forøvrig også har ein heil haug med andre søte animefilmar, og som har bursdag samme dag som meg - såkalla fun fact der altså). Wikipedia beskriv filmen slik: 


Filmen er et fascinerende portrett av japansk landbyliv, og handlingen utspiller seg i løpet av en sommer. En universitetsprofessor og hans to døtre flytter inn i et gammelt hus ved skogen, som noen tror er hjemsøkt. Konen hans ligger på sykehuset for å bli frisk etter tuberkulose. Døtrene hans oppdager «sot-ånder», som de tror er «hybelkaniner».
Den ene av døtrene, Mei, oppdager en liten ånd som leder henne inn i en magisk skog der hun finner en stor skogsånd. Hun kaller den Totoro. Faren hennes forteller at ånden er skogens konge. Bare de som har et rent hjerte kan se åndene i skogen. Fire år gamle Mei bestemmer seg senere for å finne igjen skogens konge. En regnfull kveld, mens jentene venter på en buss, møter de en gigantisk Totoro som beskytter seg mot regnet med et stort blad fra et tre. Da den eldste søsteren gir Totoro paraplyen sin blir han glad. Etter dette møter jentene stadig Totoro på deres nattlige eventyr.

Det var ei av mine beste venninner som introduserte meg for denne filmen, og til bryllupet mitt gav ho meg og min mann ein heil filmpakke med filmar som Miyazaki har produsert. Difor fall det ganske naturleg at eg no skulle strikka Totoro-vottar til bursdagen hennar (som forøvrig er ein litan måned sidan, men altså - tanken tel vel like mykje sjølv om den er litt forsinka?)






Strikka i Rowan Felted Tweed og på pinne 4, så skulle vel dette være eit nokså lettstrikka prosjekt. Men, då den første votten viste seg svært misforma (ikkje veit eg kva som var feil, men må jo sei, der tommelen er lagt opp til i mønsteret sett i forhold til kor du byrjer fellinga på toppen av votten  - ikkje ein gong eg har så korte nevar!). Så ein mislykka vott - ingenting anna enn å byrje på nytt. Denne gongen la eg også opp mindre masker på vrangborden, slik at den skulle bli smalare rundt handleddet, for så å auke når eg skulle byrje på sjølve hånda.







Det gjekk jo greit, og forsøk nummer to viste seg å bli vellykka (la altså tommelen litt lenger ned denne gongen). Det einaste var jo at no var motivasjonen på bunn i forhold til det å skulle byrje på ein ny (og tredje) vott. Flaks var det jo også då at eg byrja på ein til av høgre varianten, slik at eg måtte rekke opp eit par omgangar (oppdaga jo ikkje dette før eg skulle prøve vottane på kvar si hand. Det viste seg vanskeleg gitt.) Alt dette, kombinert med at det var veldig lange passéar utan mønster, slik at eg måtte stoppe opp kvar tredje maske og snurre kontrasttråden rundt hovedtråden, gjorde dette til eit langvarig prosjekt.
Men altså, skal jo ikkje vera negativ! Og tanken på mottakaren hjalp jo på motivasjonen. Håpar og trur at vottane vil falla i smak :) Dei skal sendast til Sverige i morgon den dag. Totoro, totoro!






Pinner: 4
Garn: Rowan Felted Tweed DK, 1 nøste av kvar farge 


Og, sidan desse vottane er strikka til ei som betyr mykje for meg, så sender eg dette inn som bidrag til utfordringen som handlar om nettopp det på Pinnekroken: "Lag noe til en du er glad i". Wish me luck! :)

torsdag 2. februar 2012

Tipp topp! Lue med dusk

Heilt sidan eg fann denne herlege dusken i alpakka hos martehelgetun.no (eg er jo eigentleg motstandar av pels, men ein dusk av alpakka må være lov?), har eg villa strikka meg ei lue som gir dusken den oppmerksomheten den "fortjener". Jaggu hadde Pickles oppskrift på nett ei sånn ei! Så Tipp topplue i finfint Londongarn, slikt er perfekt no når det er så kaldt og fint i Bergen by.




Endra litt på fletta i midten - same maskeantall som i oppskrifta, men valgte ei flette som gjer litt meir ut av seg, og som også matchar flettene i Bellas mittens, som er planlagt som matchande tilbehør til den nye lua mi (strikka jo desse i gåve til ei venninne jula 2010, og no skal eg endeleg også strikka dei til meg sjølv) :-) Flettene er strikka slik at ein tar dei tre første på hjelpepinne framfor arbeidet, strikker tre masker og strikker deretter maskene på hjelpepinnen. Tar så tre nye masker på hjelpepinne, no bak arbeidet, strikker tre masker og strikker deretter maskene på hjelpepinnen.




Så:
Oppskrift: Tipp topplue frå Pickles
Garn: Artesano Aran Alpaca Blend
Pinner: 8 (og det gjekk unna!)
Dusk i alpakka frå Marte Helgetun