måndag 28. november 2011

London

Went a little overboard.... *plystre*





















torsdag 24. november 2011

Bitterroot


Mi kjære mor hadde nyleg bursdag, og eg ville gi ho noko heilt spesielt, sidan det er nettopp det ho er for meg. Valet fall på eit sjal, etter at eg kom over eit handfarga garn i nett dei fargane eg assosierer med ho (haustlege, fine fargar!).


Etter mykje tid på Ravelry, vart eg til slutt einig med meg sjølv om å strikke eit knitty.com-sjal - nemlig "Bitterroot."

 Var voldsomt i stuss etterkvart som eg strikka, syns liksom ikkje mønsteret kom så godt fram når eg brukte fleirfarga garn. Men, no hadde eg valt dette garnet, og då måtte eg jo berre fullføre ;-) Etter at sjalet låg fleire dagar til blokking, syns eg ikkje resultatet vart so aller verst likevel.

Garnet var iallefall kjempemjukt! Og ikkje minst veldig drøyt, har framleis ein halv ball igjen. Det var kanskje litt strevsomt å strikke med, tråden dreiv å delte seg (måtte til stadighet plukke opp "halve" masker her og der...). Blanding av alpakka og silke, handla på yarn.com. Sjalet vart tatt i bruk med ein gong, så eg tolkar det slik at mottakaren vart nøgd ;-) 


Fekk verkeleg smaken på å strikke slike sjal, det er liksom noko som skjer i arbeidet heile tida - veldig kjekt! Litt konsentrasjon trengs jo, iallefall i byrjinga. Kanskje ikkje noko å strikka mens du ser favorittserien på tv, men likevel å anbefala - for det skal liksom så lite til og så blir resultatet så flott (etter blokking vel å merke) ;-)

Oppskrift: Bitterroot frå knitty.com
Pinner: 3 1/2
Garn: Alpaca Silk Hand Dyed frå yarn.com, omtrent eit 1/2 nøste - altså 50 gr (!).

Ellers så er det julepresangar det går i på pinnane om dagen (sikkert fleire med meg?). Bloggen er liksom litt nede i ein dal, skyldar på ny jobb og mindre fritid ;-) 

For nokre veker sidan var eg i Oslo ein tur, her leita eg opp Tjorven garn (som får mykje god omtale rundtomkring på nettet). Dette var jaggu ei lita perle, midt på Majorstua! Massevis av forskjellig garn, kjempekjekt! Blei jo ei lita samling då... Prøvde å handle med tanke på julepresanga, så no har eg ein del å henga fingrane i. Berre ein månad igjen! (er faktisk tidleg ute i år...) 

No får eg gå å pakke litt, i morgon reiser nemlig eg og mi søte venninne Lisa til London på shoppingtur! Hurra, kor kjekt det skal bli :-) Heile fire garnbutikkar har me planar om å få skvisa inn i shoppingtida, blant anna Loop og I Knit. Gleder meg! Er det forresten nokon som har andre gode garnbutikkar å anbefale i London? :-)