laurdag 21. mai 2011

Babysvøbet - Det hele kongerige

Kanskje de har fått det med dykk, dette teppet som den danske kronprinsesse Mary har hatt både til dei nye tvillingane og babyen som kom før (avslører glatt at eg ikkje har heilt kontrollen på om det var gut eller jente, det danske kongehuset er ikkje øverst på kunnskapslista mi) ;)
































"Mysterieprosjektet" som eg nevnte såvidt før påske er no ferdig, og overlevert til mi gode venninne som fekk sin vesle gut no i midten av mai.


Som eg skreiv tidlegare, så fanga dette verkeleg min fascinasjon. Ein sann fryd å strikke, dette her, rett og slett! Har tidlegare hatt så lyst å prøve meg på det, men vegra meg, sidan det ser jo frykteleg avansert ut. Kan berre seie med ein gong, at skinnet bedrar! Det var verkeleg ikkje vanskeleg i det heile. Vil tørre å påstå at dersom ein kan strikke rette masker, kaste og strikke to i saman, så har ein eit godt utgangspunkt. Hjelper sjølvsagt på med ein dose tolmod og evnen til å ikkje bli overvelma av store oppskrifter med mykje beskrivelsar ;)



Ein byrjar på same måten som Nøstebarnteppet (Mor Signes babyteppe), dersom det verkar kjent. Altså, legg opp tre masker og aukar derifrå. Einaste forskjellen er at ein byrjar kvar omgang med eit kast, som resulterer i små løkker langs kanten (viser såvidt på biletet over). Desse blir grunnlag for masker til "havskum"-kanten rundt, denne blir strikka fire ganger (altså langs kvar kant), og sydd saman til slutt med såkalla heksesting. Før syinga strikkar ein imidlertid blondekanten, som vert strikka på "langs" rundt heile teppe.
















































Teppet vart strikka i Nøstebarn si merinoull-silke blanding, og resultatet vart så mjukt. Eg er kjempenøgd! Det vart imidlertid litt tungt (teppet er jo rimeleg svært), nok på grunn av silken, men håpar det ikkje gjer mottakaren så mykje. Det gjekk med litt over to hesper til prosjektet, heldigvis sel Nøstebarn halve hesper.




















































Teppet måtte sendast i posten, sidan mottakaren bur på ein litt anna plass, og eg sit låst med oppgåveskriving (keisamt), så bobleplast og posteske vart kjøpt inn. Komisk nok å pakke inn eit teppe i bobleplast, men kunne jo ikkje risikere at trådar blei dratt laus og liggande igjen ein plass på strekninga ;)
Fekk forresten nydeleg takkemelding av mottakaren, så eg er godt nøgd :) 

























Oppskrift:
Det finnes eit par, både på dansk og engelsk (der den engelske er originalen, og den danske oversettelsen). Eg fulgte den engelske, syns den var grei å følge, med forklarande bilete av prosessen. Og så har du den danske, publisert i bladet "Ude og hjemme", og denne var heilt grusom å følge, sidan dei ikkje har skilt med linjeskift i teksten, slik at alle omgangane kjem etter kvarandre på same linje. Her er det heldigvis laga ein litt betre versjon av same oppskrifta.
Så: Engelsk og dansk

Dersom du er på Ravelry, ta også ein kikk på dei mange teppa som er strikka i denne oppskrifta. Mykje fint! :)

Garn: Nøstebarn Silke-ull, litt meir enn to hesper
Pinner: 4,5

måndag 16. mai 2011

Shopping på salg

Ja, så var det blitt 16. mai, skal sei tida flyg når ein kosar seg med eksamanar og bacheloroppgåve (ja, sarkasmen er til å ta og føla på). Eg er glad eg har strikkinga mi, den fungerer som meditasjon, ein fin måte å "tømme hovudet" etter lange dagar foran pc-skjermen.

Som sikkert dei fleste har fått med seg, så er det "Drops supersale" om dagen, og eg nytta høve til å shoppa meg litt garn for framtidige prosjekt ;)

Ei venninne har nyleg fått tvillingar, to gutar, så eg tenkte at stripete djevelluer med matchande tøflar til ville væra ei super barselgåve. Ei par gutar som nok vil få litt strikkegåver, sidan me er nokre strikkeglade i gjengen vår ;)

Har også planar om å strikke denne søte saken, ei haustjakke til minsteminien, i søt pudderrosa. Gledar meg verkeleg til å byrje på denne! Garnet er Nepal, ei blanding av ull og alpakka. 



No er det vel berre å ynskje alle der ute ei strålande 17. mai-feiring i morgon då! Håpar været holder, isen er god og selskapet likeså ;) Hipp hipp!

måndag 2. mai 2011

Prinsesse Abagail


Strikka med same garnet som Fiona's top, mjuk BabyAlpaca Silk frå Garnstudio. Oppskrifta vart funnen på Ravelry, og var rett og slett herleg enkel! Den er opprinneleg til omtrent seks månader, men vil no tru at den må enda opp litt vid til ein seks månader gammal baby (utan at eg har nokon å måla på). No har eg riktignok brukt litt tjukkare garn, og i tillegg strikka meir på lengden, så vesten passa finfint til ei lita ei på to år ;)

































Likte godt å strikka dette mønsteret, det satte seg fort i hovudet, og blei dermed et greit kikke-på-tv-prosjekt (kan jo ikkje sitta rett opp og ned i sofaen utan å strikke samstundes?!). Vesten vart strikka på pinne 4. Garnet gjorde seg veldig godt saman med denne pinnestørrelsen, og resultatet blei luftig og fint.
































Og så eit lite actionbilete av vesten i bruk. Riktig så nøgd på toårsdagen sin! :)
































Oppskrift: Abagail Sweater
Garn: BabyAlpaca Silk frå Garnstudio, omtrent 90 gr
Pinner: 4