onsdag 27. april 2011

Mangel på inspirasjon?




Då vil eg verkeleg anbefale Ravelry! Dei aller fleste har vel kanskje høyrt om det no etterkvart, men tipsar no likevel ;)
Ravelry er eit gratis "samfunn" stappa fullt av oppskrifter og andre strikkeglade (eg er lillamanilla, om du vil være min "ven", tihi!). Her kan du blant anna leggje inn prosjekta dine, lage kø-lister over kva du vil strikke, lagre favorittoppskrifter og bli med i ymse grupper. Mykje moro! Eg går alltid inn her om eg ynskjer å finne oppskrifter og inspirasjon til neste strikkeprosjekt.

Sånn ellers så må for tida Hagejakken min vike. Eg held nemlig på med noko altoppslukande noko, noko som verkeleg har fanga min fascinasjon. Og som, ikkje minst, treng å bli ferdig ganske snart (eg strikkar om kapp med tida!). Spanande? ;)


måndag 25. april 2011

Fiona's top #2

Då var påsken snart over! Smått med strikking, har hatt to små med omgangssjuke, så ein kan vel seie at ferien har vore litt "amputert." Har vaska mykje klede då... Heh ;)

Eg bestilte for litt sidan garn i frå denne koselege nettbutikken, som eg enda ikkje har fått sjansen til å besøke i røynda (er jo strengt tatt ikkje lange køyreturen, så ein dag skal eg nok få til det også) ;)

Dei hadde Drops sitt nye garn, BabyAlpaca Silk, til introduksjonspris, og dermed fekk eg utvida min erfaring med nettbutikkar rundtomkring på Internettet.

To Damer leverte raskt, og leverte i tillegg ein følgeseddel med ein koseleg handskriven helsing på :) Hadde ingen klar plan for kva eg skulle strikke då eg handla garnet, så det blei litt forskjellige fargar, sjølvsagt med dei to miniane i bakhovudet :)

To av nøsta blei etterkvart altså til ein ny versjon av Fiona's top, som eg har strikka ein gong tidlegare.



































Denne gangen strikka eg toppen rundt, framfor å sy fram- og bakstykket i hop på slutten. Mykje betre! Følte det blei meir kontinuitet i arbeidet, og så er det ei deilig kjensle å faktisk være ferdig med heile toppen når ein først feller av ;) Første gong eg strikka denne, syns eg mønsteret var litt tungt å komme inn i. Denne gangen føltes det mykje lettare, og mønsteret gjekk raskt på "repeat". Øving gjer vel meister? ;)







Garnet var også gjenstand for anbefaling, deilig og mjukt. Dog litt merkeleg "konsistens" på pinnane. Det kjentes litt ut som å strikka med bomull, men kan ikkje heilt forklara kvifor, er nok silken som gjer det. Men toppen endte opp så mjuk og glansfull, så er godt nøgd med denne! :)

Oppskrifta er gjerne litt "dyr," med tanke på at det kun er eitt plagg i oppskrifta. Men den er så fin at eg vil sei den er vel verdt pengane.


































Garn: Drops BabyAlpaca Silk, 100 gram
Pinner: 3,5
Oppskrift: Fiona's top (Ravelrylink her)

laurdag 16. april 2011

Hurra!

Eg har vunne! O-hoy kor glad! :)

Pickles har hatt ein give-away som gjekk ut på at ein skulle skrive kva strikkeprosjekt som sto på planen i løp av påsken. Fem vinnarar blei trekt ut for kvar sin"Pickles' Favoritter" (boka som Pickles ga ut i fjor). Og jaggu vart eg ein av dei fem! Eg som aldri vinn nokonting! No er eg så lykkeleg, har lurt på å kjøpe den boka si ho kom ut (sto blant anna på ynskjelista mi til jul) ;) Hurra!

Prosjektet eg held på med no i påsken er "Hipp Hagejakke," frå nettopp Pickles. Den skal strikkast i Abuelita tjukk merino.

Trur eg har fått målt meg til rett strikkefasthet og pinnar no (oppskrifta er eigentleg for eit bomullsgarn), har iallefall byrja på vrangborden, så får me håpe dette ikkje blir heilt feil ;) Garnet kjøpte eg for lenge sida, og byrja eigentleg på denne boleroen, men fann aldri energien eller motivasjonen til å gjere den ferdig. Så no satsar eg på at dette deilige garnet skal komme til rette i hagejakken :) Det er iallefall ein deilig vårfarge!

No gledar eg meg til boka kjem i posten!

God påske til alle i hop, håpar alle får ei strålande fin påskefeiring :)

måndag 11. april 2011

Little sister's dress

Eg har tidlegare uttrykt mi begeistring for Tora Frøseth sine oppskrifter, og her kjem nok ein populær favoritt.



"Little sister's dress" (eller "Kjole til lillesøster") er ei herleg og enkel oppskrift som vert strikka ovenfra og ned. Bærestykket er originalt ein kombinasjon av rette og vrange omgonger, men eg valte denne gongen å strikka det i rillestrikk, sånn for variasjonens skuld.
































Tråden er ymse restar av alpakka (av ulike merker), og strikkeskåpet er blitt litt alpakkagarn fattigare (ganske greit å få brukt opp slike smånøster som ligg rundtomkring) ;)



































Kjolen er strikka på pinne 4. Veslesyster er kjempenøgd med plagget, ho seier "fii" (fin) og stryk seg på magen når ho får den på. Herlegt takksame jenter eg har ;)

































Har strikka eit par slike kjolar tidlegare, denne lilla vart strikka til storesyster i si tid. Ho er no vokst utav den, og veslesyster er difor klar til å ta over (praktisk!). Strikka i Nøstebarn si merinoull, på pinne 3,5.


































Også denne vesle saken då. Denne vart brukt myyyykje. Strikka i Nøstebarn si angoraull, og akk, så mjuk, varm og herleg. Det var som om veslesyster fekk ein indre ro (hihi) når ho fekk den på, ho sov og sov og sov ;) Dette garnet loar imidlertid ein god del i byrjinga, men dette "roar" seg etterkvart. Denne vart strikka på pinne 3.
(Sukk... Tenk at vesle babyen min blir 2 år på torsdag!)



Anbefalar verkeleg denne oppskrifta om du vil ha noko enkelt og fint å strikke (utan montering, hurra!). Ein av mine favorittar!
































Garn: Ymse alpakka
Pinner: 4
Oppskrift: Tora Frøseth "Little sister's dress"

laurdag 9. april 2011

Lørdagskos

Eg er ei slik ei som er konstant kald på beina. Til gjengjeld er eg alltid varm på henda, men det er ei anna historie. Eg bruker tjokkelubbar/labbar/lester/ullsokkar (kjært barn har mange navn...?) sumar som vinter. Derfor tenkte eg at det var ein god idé å spandere på seg eit par skikkelege sokkar, type ikkje-bruke-utav-huset-fordi-dei-er-så-tjukke-og-ikkje-minst-fine-sokkar ;)



Desse herlige her vart strikka etter ei oppskrift på Garnstudio, og eg fekk prøva meg på å strikka "bobler" for første gong, noko som slett ikkje var så vanskeleg som eg hadde trudd.
















































Dei har vært i bruk nesten kvar dag sidan dei var ferdig, noko som vises på alle kattehåra som heng seg fast rundtomkring på sokkane. Perser og trekke-til-seg-støv-ull er dårleg kombinasjon. Men pyttsann, ingenting som ikkje kan støvsugast bort med jamne mellomrom ;)























































No er det laurdagskveld i heimen, eg skal nyte roen med strikketøy i henda og varme på beina. Og, ja, for ikkje å gløyme, denne herlege retten (som mannen diska saman i all hemmeleghet, flinkingen) skal også nytast :) God helg!



Oppskrift: "Drops sokker med fletter"
Pinnar: nr 8
Garn: Sandnes garn Easy