tysdag 29. mars 2011

Awards!



Eg føler meg så smigra, som har fått same awards av to forskjellige, nemlig Rigmor og Lykkelinn. Tusen takk! Awarden går ut på at ein skal velge fem inspirerande bloggar som har mindre enn 100 følgjarar. Her er mi liste, eg har prøvd å velgje ut bloggar som ikkje har fått awarden frå før:

Hespetre - ein strikkeblogg med mykje fint strikkeri

Ane Victoria - mi gode venninne og strikkemaskin

Frihet - ein blogg full av sy-inspirasjon

Novocaine for the soul - ei anna gode venninne med masse inspirasjon til god musikk som er fin å sette på til strikkestunda ;)

Ordentlige bleier - bloggen som har mi favorittoppskrift på den populære monsterbuksa

fredag 25. mars 2011

Stripete raglanfelling



Denne genseren vart til for ei lita stund si, men vart tatt i bruk fra første stund, så derfor har eg ikkje komt på å ta bileter og blogge om den før no. Når ein har miniar i friluftsbarnehage blir det eit ekstra behov for gode ullklede, så eg tok turen til Nille og kjøpte inn litt "Østlandsgarn"(nokså likt, om ikkje det same som Vestlandsgarn på Sparkjøp, om eg ikkje tar heilt feil). Greit garn til barnehagebruk syns eg, passe tjukt og slitesterk.













Genseren blei strikka etter "eige hovud". La opp 124 m og strikka vrangbord i ca 3 cm. Auka deretter til 134 m, og strikka glattstrikk vidare. Når eg var oppe i ønska lengde, fellte eg 8 masker på kvar side under armhola, og la arbeidet til side. Byrja så på armane, der eg la opp 40 m og strikka vrangbord i ca 3 cm. Strikka så vidare i glattstrikk, og auka to masker kvar 6 omgang  (ei i byrjinga av omg og ei i slutten) til eg var oppe i den vidden som passa på armen. Når armen var lang nok fellte eg 8 masker på armen, og byrja på raglanfellinga. Her fulgte eg denne oppskrifta, sånn nokolunde. Genseren vart strikka på pinne nr 4.




















Knappane fann eg på Søstrene Grene i Stavanger, eit søtt lite "Noregsglass" med 100 knappar oppi (til den nette sum av 35 kr). Herlig!



























Oppskrift: Eiga (sjå forklaring over)
Garn: Østlandsgarn frå Nille
Pinner: nr 4

måndag 21. mars 2011

Stripete lue til seksåring

Kom over denne strikkebloggen, Strikkere, her om dagen. Ein utfordringsblogg, gøy! Eg tar gjerne ein utfordring, syns det er kjekt å få innspel og inspirasjon til kva eg kan strikke (som om den lista ikkje er lang nok....) ;) Temaet for utfordringa eg heiv meg med på var "stripete luer", strikka til søte minien min, som alltid er så takksam for det som mor strikkar :)



























Eg har eit ganske stort alpakkalager, og mottakaren av denne lua er nokså streng på om det klør eller ikkje, så valet fall naturleg. Alpakka er noko av det beste eg strikkar med, så likar godt å ha dette på pinnane.




















Fargane er mørk brun, lys rosa og beige.

Oppskrifta er egenkomponert, la opp 120 masker og strikka vrangbord i omtrent 7 cm. Aukte deretter til 176 masker, og strikka glattstrikk fram til lua dekka nesten heile hovudet. Strikka så nokre omganger der eg fellte to masker på fire forskjellige plassar. Til slutt drog eg tråden gjennom maskene på pinnen og "snurpa" sammen. Enkel og grei måte å strikke lue på synes eg, har litt sansen for den snurpeeffekten på toppen ;)





















Garn: Alpakkatråd (ymse restar)
Pinner: nr 3
Oppskrift: Eiga (sjå forklaring over)

Mottakaren av lua var godt nøgd med lua. Stor jente er ho også blitt, blei heile seks år på torsdag.
































Helga har altså gått i bursdagsfeiring, med karneval for avdelingen i barnehagen i går. Høglytt, men kjekt!
Vanskeleg å tru at vesle babyen min er blitt så stor (er vel fleire foreldre som kjenner seg igjen der...)! Ballerinaen var uansett godt nøgd med festen sin :)


torsdag 17. mars 2011

Lue til Mannen

 Det blir ein del babystrikk her i heimen, å påstå noko anna ville vel vore løgn. Difor er det eit friskt pust å enkelte gongar strikke noko heilt anna. Denne gongen blei det min gode mann som blei beæra med mi kjærleik gjennom pinnane ;)




Lue strikka i mjuk Karisma frå Drops, med tilhøyrande oppskrift. Enkel og grei, rett og slett!

Lettstrikka sak, som vart gjort ferdig på eit par kveldar. Mottakaren var nøgd, og slepp heretter å fryse i den kalde vinden (som minnar oss om at våren ikkje heilt er klar for å kome fram endo) ;)

(Han hadde vel forresten kanskje ikkje turt å la være å bruke den, når eg tenker meg om...)



Garn: Karisma, omtrent 1 1/2 nøste
Pinnar: 3,5
Oppskrift: Drops

Forresten! Observerte ei søt dame som satt å strikka på Bybanen i dag. Gøy! Slo meg at, hei, kor mange timar som blir tilbrakt på vår kjære bane. Eg skal jaggu byrje å ha med meg strikketøyet i veska eg óg. Betre det enn å glo ut vindauget (eller på andre passasjerar som glor ut vindauget, eller sit å strikkar, for den del) ;)

torsdag 10. mars 2011

Ull.no







Ull.no har fått ny, finfin nettbutikk. Gratulera!
Nesten så eg må handle litt. Hmm... ;)

tysdag 8. mars 2011

Godt nyttår!

Jada, so var eg også i gong med det nye året! Sjølv om det har vart ei stund no så har liksom bloggen blitt litt nedprioritert. Men slik blir det vel fra tid til annan. Uansett, tenkte å vise dei to julepresangane som var heimelaga i fjor (gledar meg til desember blir ein månad uten hektisk eksamensstress, slik at eg kan bruke seinhausten på å kose meg med heimespøta presangar) ;) Temaet i fjor vart visst vottar, til to av mine næraste venninner.

Eg hadde i fjor sumar gleda av å byrje på bøkene i Twilight-sagaen, og sjølv om eg ikkje såg den første filmen i serien før eit par dagar sidan, har eg plukka opp at vottane hovedkarakteren Bella brukte i den første filmen altså er ein stor hit rundtom i den vidstrakte Internett-verda.
































Ein fryd å strikke, og eg vart so nøgd med resultatet at eg helst ville hatt dei sjølv. Så, eg får vel berre ta pinnane fatt og begynne på eit par til meg sjølv også (sidan snøen ikkje vil gi seg så er me vel framleis i ei vottetrengd årstid) ;)



Desse strikka eg i Viking Naturgarn, eit litt "stikkete" garn, diverre, så eg trur ikkje det blir noko meir strikk med dette garnet, sidan eg har angst for plagg som klør ;) Garnet var litt for tjukt i forhold til oppskrifta, så måtte rekne om slik at det passa med strikkefasthet og det heile. Herligheten vart strikka på pinne 8 (!), til bestemors store undring (som sjeldan strikkar på noko tjukkare enn pinne 2,5, vil eg tru). Men, tjukke pinnar = raskt ferdig! ;)



Oppskrift: "Bella's mittens"
Garn: Viking Naturgarn
Pinner: 8

Det andre paret blei til med Dale Freestyle, etter ei oppskrift som også var veldig kjekk, og rask, å strikke.
































Vottar er jaggu kjekt å strikke! Har aldri prøvd meg på dette tidlegare, men det ga meirsmak. Sånn sett er det greit med lange vintrar ;) Ironisk nok manglar eg vottar sjølv... Men kva er det ein seier om skomakerens born? Eller noko i den duren.



















Oppskrift: "Citadel mittens"
Garn: Freestyle
Pinnar: 4

Follow my blog with bloglovin