søndag 7. november 2010

Vinter!

Det har plutseleg komt snø (igjen)! Flaks for meg at eg er ferdig med mi herlege "Stafflue" frå MirreVirre sin fine strikkeblogg :)
































Denne lua som er så populær på strikkebloggar rundt om i det vidstrakte internett-land har no vore på pinnane mine eit par kveldar.
 
Eit utruleg lettstrikka prosjekt, med både strikkepinnar og heklenål involvert. Denne blir det nok strikka fleire av! Lett å justere lua etter kva størrelse du vil, sidan du byrjar med å strikke fletta på "tvers", og dermed kan strikke dette bandet så vidt du vil ha det. 


Oppskrift: Stafflua
Pinnar: nr 4, heklenål 5
Garn: Sisu frå Sandnes Garn

fredag 5. november 2010

Sukkersøt lue

"Waaow..." sa mini 1 då eg kom heim med dette strømpegarnet...



"Du må strikke en lue til meg, kan du deeet?" Og eg som hadde ambisjonar om sprelske sokkar av det fargerike nøstet. Jaja, lue blei det, eg får bruke eit anna garn til sokkestrikkøvinga mi ;)


Fann fram den trofaste Nøstebarnboka, og strikka ei lettstrikka og rask lue derifrå. Strikka i dobbel tråd, for at den skal være litt lun mot vinden, og halde fasongen greit.
































Dusk har eg ikkje laga si barneskulen, og det einaste minnet eg har frå den seansen var at tålmoda tok slutt og dusken vart aldri ferdig. Måtte difor friske opp kunnskapane litt, og fann ei grei oppskrift på korleis ein dusk blir til her. Eg skjønte raskt fort kvifor tålmoda tok slutt den gong i formingstimen på barneskulen, snurring av tråd rundt to pappskiver kan bli nokså keisamt... Men, morsom detalj på lua likevel ;)
Dusken er imidlertid tatt av igjen no, etter klage frå minien om at lua var for baktung. Eg klarte heldigvis skjule skuffelsen min ;)

 






























Tråd: Strømpegarn frå Europris og Baby Merino Ull frå Nille, Babyull frå Stoff og Stil til dusk og hekla kant
Pinne: 4
Oppskrift: Nøstebarn

onsdag 3. november 2010

Bryllupsbolero

Her kjem bileter av den heilt enkle boleroen eg strikka til bryllupet mitt i august. Dagen var strålande, både innholdsmessig, og værmessig, så boleroen blei ikkje så mykje brukt, men eg var såpass stolt over kreasjonen at eg måtte jo ha den på meg under vigselen. (Og ja, eg er totalt på gråten på biletet nedanfor) ;)



Boleroen er strikka etter ei oppskrift basert på Pickles sin "Annas bryllupsbolero". Eg valte å strikke denne i glattstrikk, eg ikkje syns perlestrikk gjorde seg så fint med denne tråden. Garnet var forøvrig heilt herleg å strikka med, så utruleg mjukt og godt (kan sikkert egna seg godt til babyteppe, for eksempel). Valte å la kantane på boleroen "rulla" seg oppover, syns det ga ein enkel, men fin effekt.


Det eg var særs nøgd med på boleroen var korleis ryggen passa til kjolen, som hadde ein "drapert" eller rynka effekt bakpå beltet. Kjolen er forresten sydd av mi vakre mor, som er opphavet til mi kreative interesse :)































Må også vise detaljen på min flotte kjole, ti lag med tyll, der dei seks nederste var pynta med ulike lilla silkeband. Å, kor eg elska den kjolen! :)



Garn: Babyalpakka, frå BC Garn
Pinner: nr 3 1/2
Oppskrift: Basert på teknikken brukt i Annas bryllupsbolero, men med anna maskeantal (er jo brukt ein heil del tynnare tråd) og glattstrikk istadanfor perlestrikk