fredag 26. mars 2010

På pinnen: Sjokolademonster



Garn: Babyull frå Europris (?), og Baby Merino frå Nille
Pinner: Rundpinne og strømpepinne nr 4
Oppskrift: Ordentlige bleier si monsterbukse

Lenge har eg tråla nettet etter favorittoppskrift på ei slik tøff monsterbukse som er blitt så populær. Og no trur eg jammen eg har funne min favoritt!

Monsteret mitt manglar endo ein fot, og sjølvsagt auger og tenner. Målet er å bli ferdig i kveld (ambisiøs, som alltid. Muleg eg må utsetja denne fristen til i morgon...). Den skal hvertfall brukast på hyttetur til Vågslid i påsken, der det endo er snø og den deilige våren ikkje har gjort sitt inntog. Strikkar buksa ekstra stor, i håp om at den skal passe til hausten når mini 2 skal byrje i barnehage.

Garnet er ein god blanding Europris og Nille. Babyulla frå Europris var noko eg hadde liggande i strikkeskåpet, og skal ikkje havna på mine pinnar til noko så stort igjen (denne haugen er no dedikert til dukkeklær). Det var jaggu rett før eg pådrog meg senebetennelse, og slik styggedom vil eg no ikkje ha i hus ;) Syns rett og slett dette garnet glei dårleg på trepinnane, muleg det fungerer betre på vanlege pinnar. Baby Merino frå Nille var mykje betre, mjukt og fint. Det er for øvrig strikka i dobbel tråd, litt for at buksa skal bli tjukk og god (og lettare å brodera på, har eg høyrt?), og litt fordi det skulle gå ekstra kjapt å få monsteret ferdig ;)

Om du vil strikke ei slik herleg monsterbukse, vil eg anbefale å kikke innom desse sidene for inspirasjon, mange tøffe variantar her!

No er det godkveld, med litt raudt i vinglaset og strikketøyet i nevane. God helg!

torsdag 25. mars 2010

Å strikke to sokkar på ein gong: Magic Loop







Ikkje lett å sjå at dette skal bli sokkar, nei... Er endo litt usikker kva eg synes om denne måten å strikke sokkar på, men må sei tanken på å bli ferdig med begge på ein gong freistar veldig. Eg har vel ikkje heilt komen inn i flyten med å strikke begge to på ein kjempelang rundpinne, og synes det er litt mykje trådar og pinnar og rundpinnebogar i omløp (litt "krongle" for å seie det på godt bygdanorsk) ;)
Men, eg skal ikkje gje meg, og er overbevist over at eg vil vera nøgd når sokkane først blir ferdig. Ser forresten at strikket blir mykje jamnare enn kva det blir når eg strikk med vanlege strømpepinnar.

Uansett, her er eit par gode lenkjer som viser metoden i praksis. Vil anbefala filmen, den hjalp meg med å forstå heile konseptet (som virka veldig avansert før eg klarte å sette meg inn i det heile).
Vil forresten anbefale å bruke eitt nøste om gangen om du skal strikke på denne måten (altså, brukar begge endane av nøstet). Det blei mykje å halda styr på for ein stakkar nybegynnar når eg prøvde meg med to forskjellige nøster på ein gang.

Har forresten bestilt meg garn frå Pickles! Eit kjempedeilig tjukt og luftig garn, i herleg ferskenrosa farge (min favoritt når det vårast). Skal prøve å få lagt ut bilete i morgon, nett no er det ubehageleg travelt, med oppgåveinnlevering og det som høyrer til. Irriterande kor tidkrevande denne studenttilværinga er, får jo knapt tid til å strikke jo! ;)

torsdag 11. mars 2010

Endeleg ferdig!







Den japanske vesten er tatt av pinnane, og denne var langdryg! Ikkje fordi oppskrifta var særskilt vanskeleg, det gjekk vel meir på at eg var i frykteleg tvil om eg i det heile tatt likte fargen, garnet eller modellen. Så derfor blei den liggandes i strikkeskåpet i akk, så altfor lang tid. Når eg omsider fekk gjort den ferdig, festa tråder og sydd i knappar,  så var ikkje resultatet så aller verst likevel. Framleis usikker på fargen, men men, den passar fint med med yndlingsfargen i huset, nemlig lilla. Og vips så blei mini nr 2 eit ekte "jordnært naturbarn!" ;-) Blir iallefall eit greit kvardagsplagg dette.

Armhola på denne vesten var i minste laget, så det spørs kor lenge herligheten passar. Litt merkeleg oppskrift sånn sett, så om eg skal strikka denne igjen så trur eg at eg skal gjere litt forandringar. Ellers var vesten lettstrikka (om du ser bort frå alle dei vekene i skåpet då...), og utan montering, noko som alltid er ein bonus i mitt tilfelle!

tysdag 2. mars 2010

Knesokker til baby






































Garn: Tynn alpakka frå Du store alpakka
Pinner: Strømpepinner nr 2.5
Oppskrift: Super Baby's knee highs

Nyaste tilskotet i babystrikket, desse søte knesokkane som er ei litt modifisert utgåve av den opprinnelege oppskrifta, som jo er for 3 månader (dog litt stor 3 månaders baby, spør du meg). Eg strikka desse litt lenger, både i skaftet og sjølve foten. Hadde eg strikka den på nytt no, hadde eg kutta eit par fellingar i skaftet, desse blei nemlig veldig smale i foten til min 10 mnd gamle mini. Eg har også "dekorert" sokken litt med å strikka enkel perlestrikk over dei 10 midterste maskene frampå foten.

Eg er ikkje særleg bevandra i sokkestrikking, og har alltid hatt stor respekt for bestemor som strikkar sokkar på løpande band. Det er denne hælen eg synes er frykteleg skummel, men no har eg prøvd eit par variantar, og trur eg har funne meg ein favoritt i denne. Eg håpar at øving skal gjera meg til mester (iallfall mester-liknande?). Minien verka iallfall veldig nøgd med sine sokkar, og syns sjølvsagt det er veldig spanande når ho mor skal ta bilete av fotane, miniar er kjekke sånn!

Eg har også strikka ein anna variant av denne sokken, då minien var heilt ny. Desse også litt modifisert i forhold til oppskrifta, strikka i Nøstebarn sitt to-tråds merinogarn, på pinne nr 2.5. Her strikka eg heile sokken i dobbel perlestrikk, og prøvde meg på denne hælen.


måndag 1. mars 2010

Hold varmen rundt armen




Det er travle tider i heimen, og det er ei lita stund si forrige blogginnlegg. Pulsvarmarane har vore ferdig ei vekes tid no, og allereie godt brukt. Elskar slike småplagg!
Oppskrifta var veldig grei, og desse blei unnagjort på ei helg. Eg strikka fire mønsteromgangar (framfor seks, som står i oppskrifta), og med pinnenr 3. Planen var eigentleg å strikka dei på 2,5, som er anbefalt for garnet, men eg har visst vore halvveis i strikkekoma då eg fant fram pinnane, for godt uti andre vanten såg eg at det var nr 3. Ups!

Slenger med eit bilete og tips til oppskrift av nokre pulsvarmarar eg hekla for ein god del år sidan.
Dette mønsteret er frå Drops, det same er garnet (alpakka). Mjuke og gode (og ikkje minst varme!). Hekla rundt, framfor i eitt stykke som står i oppskrifta.