fredag 19. februar 2010

På pinnen: Pulsvarmere


Garn: Navia
Pinner: nr 2 1/2
Oppskrift: pinnehobby.blogspot.com, Ravelry

Eg har registrert meg på strikkeforumet Uformelt, og no driv eg å kikkar innom og prøvar å gjere meg kjent. Har til og med meldt meg på ein "sokkealong" (ny oppskrift på sokkar kvar måned). Uansett, fann lenke til denne oppskrifta i ein "tilbehørsalong", kjempefint! Så no har eg satt den på pinnen!

Garnet var noko mi kjære mor donerte til meg, og det har ligge ei stund i strikkeskapet utan at eg ikkje heilt har funne ut kva eg skal bruke til. Det er ei ullblanding av Færøysk ull, Shetlandsull og Australsk lammeull. Kjempedeilig!

Denne oppskrifta er kjempeenkel, men likevel så fin. For å gjera pulsvarmarane ekstra spesielle strikkar eg inn perler i kanten mot mønsteret. Det einaste vanskelege med dette er at garnet likte særs dårleg å få ein haug med perler tredd innpå seg, så det er litt "tungt" å dra dei nedover nøstet. Men alt går med litt tålmod! Av ein eller anna grunn fekk eg for meg at eg ville ha ekstra lange pulsvarmarar, så eg har lagt opp 70 masker framfor 30, som står i oppskrifta (kanskje litt vel langt men, time will show). Spent på resultatet!

tysdag 16. februar 2010

Anbefaling: Pickles

Er nok sikkert kjent for dei fleste, men vil likevel slenge inn ein anbefaling på denne fantastiske bloggen/nettbutikken. Eg har endå ikkje fått kjøpt garn der ifrå, men har store planar om strikke denne herlege boleroen, og då skal eg også prøve meg på garnet som Pickles sel. Elles har dei også mange fine oppskrifter til store og små. Ei side absolutt verdt ein kikk!

måndag 15. februar 2010

Fionas top











Garn: Nøstebarns merino lammeull, 1 hespe (100 gr)
Pinner: rundpinne nr 2 1/2 og 3
Str: 4 år
Oppskrift: Sanne Bjerregaard

Denne oppskrifta fann eg på Ravelry, og fall pladask. Noko så yndig!
Bestemte meg raskt for strikka den til mini nr 1. Mønsteret var greitt å følge, men trengte litt konsentrasjon før ein kom inn i flyten. Uansett, ein topp som er ei prinsesse verdig!

søndag 14. februar 2010

Morsdag er ein god dag

Gratulera til alle fantastiske mødre der ute!
Blei til og med ferdig med lua eg strikka i presang til meg sjølv, og blei ganske så nøgd.


laurdag 13. februar 2010

Tøfler / booties til baby

Eg har nett blitt tante til ei lita prinsesse, og kva er vel betre barselpresang enn heimelaga tøflar? Denne oppskrifta er kjempelett å strikke, og heilt etter min smak, med tanke på at dei ikkje treng montering (sying er ikkje mi sterkaste side).


Oppskrifta fann eg på bloggen Lilleducks sirkler, og eg strikka det med Nøstegarn sitt merino lammeull (har ein del restegarn av det liggandes, det er eit kjempedrøyt garn!) på strømpepinne 3. Desse tøflane er kjempegode, dei sitt godt på foten til aktive små babyar. Eg har "modifisert" oppskrifta litt, ved å strikke skaftet dobbelt så langt, og ha hullrad både oppe og nede, for så å brette ned skaftet og tre silkebåndet gjennom begge hullradene. Eigentleg kun for variasjon for min eigen del, dette er ei oppskrift eg har strikka mange tøflar av!

Ei anna oppskrift på slike tøflar finn du også på bloggen Ullent Eventyr, desse er også kjemperaske å strikke! Denne treng litt sying, men ikkje meir enn at til og med eg klara det. No er det dessutan også lagt ut oppskrift på korleis du finast kan sy tøffelen saman.


Desse strikka eg til ei venninne av meg då ho fekk prinsessa si på denne tida i fjor. Garnet eg brukte var eit type superwash-garn frå Nille, og som ein liten dekordetalj hekla eg på ein liten rosa blomst. Denne tøffelen er også kjempegod på foten, og det som er praktisk med desse rillestrikka tøflane er at dei veks med foten, så den vesle kan bruka dei lenge.

fredag 12. februar 2010

På pinnen: Lue til ho mor sjølv

 
Garn: Drops Alpakka
Pinner: strømpepinner nr 3 og 4
Oppskrift: Judith sin strikkeblogg

Burde vel vite betre enn å starte på eit nytt prosjekt før eg har fullført det eg allereie held på med, men av og til treng ein jo litt forandring? Eg har lenge hatt lyst på ei litt finare lue å pryde toppen med no i vinterkulda, og i min søken etter andre strikkebloggar kom eg over denne oppskrifta. Så kva passar vel betre enn å strikke ein morsdagspresang til seg sjølv? Blir i tillegg kvitt litt restegarn (den haugen som aldri vert mindre...), det er jo alltid ein bonus!

På pinnen: Japansk vest til baby

Garn: Nøstebarns 2-tråds Merino lammeull
Pinnestr: nr 3
Str: Ca 1 år
Oppskrift: witch's knitting room

Hadde eit grønt hespe med Nøstebarn sitt merino garn liggandes, og sidan det garnet er altfor godt til å ligge i skapet, måtte eg finne meg noko å strikke av det. Kom over ein søt vest då eg leita gjennom oppskrifter på Ravelry. Den er laga av ei dame i Japan, oversatt til engelsk (bra, sidan japansken min er litt rusten, ha ha).

Oppskrifta har ingen fast størrelse, litt finurleg, men du kan justere størrelsen etter strikkefastheita. Eg har komen fram til at med Nøstebarn-garnet og pinne nr 3, blir det ca størrelse 1 år. Perfekt til mini nr 2!

Sidan eg vil ha vesten meir som ein tunika, har eg valgt å strikke den rundt (i stadanfor åpning heilt ned, som ein korterma jakke, slik det står i oppskrifta). Nederst vil eg ha ribbekant, med splitt i sidene. Gledar meg til å få den på prinsessa!

Strikking er gøy!

Og på grunn av min lidenskap for denne hobbyen, kastar eg meg på bloggbølga, og startar min heilt egen strikkeblogg. Her vil eg gjerne dele mine mange, mange strikkeprosjekter, ofte strikka på bakgrunn av oppskrifter funne på nettet. Det er ein heil skokk av knall oppskrifter der ute! Kan forresten tipse om Ravelry, ein slags sosial nettstad for oss strikkarar. Her fins det mange artige funksjoner, og mange gode oppskrifter å søke i.

Eg held for tida på med ein vest til mini nr 2, men det er seint, og klokka seier eg må legga meg, så eg får posta bileter og meir info i morgen. Litt av ein start på bloggkarrieren?!

God natt til alle mine framtidige lesarar, måtte natta bli fin!